Poltava (ukrainsk og russisk Полта́ва; polsk Połtawa) er ein by i Poltava oblast i det sentrale Ukraina, og som ligg ved elva Vorskla på 132 moh. Byen har eit flatemål på 130 km² og kring 300 000 innbyggarar (2011).

Poltava
Полтава
by
Den heilage krossen-klosteret og Khrestovozolvizjenskyj-kyrkja
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Poltava oblast
Rajon Oktiabrskyj rajon, Kyivskyj rajon, Leninskyj rajon
Del av Q12141874
Koordinatar 49°35′22″N 34°33′05″E / 49.58944°N 34.55139°E / 49.58944; 34.55139
Areal 103 km²
Folketal 298 652  (2011)
Folketettleik 2 900 / km²
Grunnlagd 899
Borgarmeister Oleksandr Mamaj
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 36000—36499
Retningsnummer +380-532
fri CK, BI
Kart
Poltava
49°35′22″N 34°33′05″E / 49.589444444444°N 34.551388888889°E / 49.589444444444; 34.551388888889
Wikimedia Commons: Poltava
Nettstad: www.rada-poltava.gov.ua

Ved byen finst det kulturminne frå yngre steinalder, og frå Skytia. Òg den protobulgarske khanen Kubrat si grav har vorte funnen i området. Byen er nemnd første gong i 899. Området låg under Storhertugdømet Litauen frå 1300-talet og kom under polsk styre 1569 gjennom unionen Polen-Litauen. Poltava vart plyndra i 1648 av den rutensk-polske magnaten Jeremi Wiśniowiecki. Poltava var base for eit viktig kosakkregiment. I 1667 vart byen overført til Det russiske imperiet. 8. juli 1709 stod slaget ved Poltava utanfor byen, dette var eit av dei avgjerande slaga i den store nordiske krigen.

Historie endre

Dagens namn på byen vert vanlegvis knytt til landsbyen Ltava, nemnt i Hypatiuskrønika frå 1174. Poltava var base for eit framifrå regiment av ukrainske kosakkar og vart ei høgborg for kosakkane under Khmelnytskyj-oppstanden. Etter den pro-polske hetmanen Ivan Vygovskij vann makta og ein borgarkrig braut ut, var Poltava i året 1658 under Martyn Pusjkar opprørarane sin viktigaste tilfluktsstad. Til sist vart byen brend ned og plyndra av Vygovskij sine troppar, samstundes som mange av kvinnene og borna vart slavar av krim-tatarar.

I 1775 vart Krossmesse om hausten-klosteret i Poltava sete for biskopane av det nyoppretta bispedømet for Slavjansk og Kherson. Dette store, nye bispedømet omfatta landområda i Novorossija-guvernementet og Azov-guvernementet nord for Svartehavet.

 
Jarnbanestasjonen i Poltava

Næringsstruktur endre

Viktigaste næringsverksemda i byen er knytt til maskinteknikk, dernest sysselset næringsmiddelindustrien og verksemder som lagar forbruksvarer flest folk. Poltava har både landbruksakademi og ulike universitet for pedagogikk, industri og økonomi, samt ein høgskule for utdanning i språk.

Poltava er eit viktig knutepunkt for samferdsla i det austlege, sentrale Ukraina. Vegar går til Kiev (E 40), Kharkiv (E 40), Krementsjuk (E 577) og Sumy (R-17). Jarnbaner går i retning Kiev, Kharkiv, Krementsjuk og Krasnohrad. Ved Poltava er det òg ein flyplass.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre