Pontedera

kommune i Italia

Pontedera er ein by og ein kommune i provinsen Pisa i Toscana-regionen i Italia. Kommunen har knappe 29 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 46,0 km². Bysentrum ligg 14 meter over havet, 13 kilometer aust for provinshovudstaden Pisa og 20 kilometer frå Middelhavet.

Pretorio-slottet i Pontedera

Pontedera er eit industrisenter i regionen. Staden er framom alt kjend for skuterfirmaet Piaggio, som her har sitt hovudkontor og sin største fabrikk. Piaggio lanserte den store suksessen Vespa i 1946.

Kjelder endre