Porečka reka (serbisk Поречка река) er ei elv aust i Serbia og ei 50 km lang sideelv til Donau frå høgre i Đerdap-kløfta. Ho har to kjelder, elvane Šaška og Crnajka som renn saman ved landsbyen Miloševa Kula.

Porečka reka (Поречка река)
elv
Land  Serbia
Nedslagsfelt 538 km²
Lengd 50 km
Kjelde Fjellet Liškovac, aust for Majdanpek i Serbia
Munning Donau, nær Donji Milanovac i Serbia
Kart
Porečka
44°28′11″N 22°10′33″E / 44.4696°N 22.1759°E / 44.4696; 22.1759

Crnajka spring ut frå vestsida av fjellet Deli Jovan og renn nordover. Šaška er den lengste av dei to (17 km) og spring ut frå nordsida av fjellet Liškovac aust for byen Majdanpek. Elva renn sørover og saman med Crnajka i den smale delen mellom Liškovac og Deli Jovan ved landsbyen Miloševa Kula.

Dei neste 23 km renn elva som Porečka reka og deler den smale dalen i to. Etter at dammen Đerdap vart skapt, munnar elva no ut i den kunstige innsjøen Đerdap.

Porečka drenerer eit område på 538 km², som høyrer til nedslagsfelt til Svartehavet.

Kjelder endre