Poresoppordenen

sopporden
(Omdirigert frå Porelag)
Poresoppordenen
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrike: Dikarya
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Orden: Poresoppordenen Polyporales
Gäum., 1926

Poresoppordenen (Polyporales, tidlegare Aphyllophorales) er ein orden i rekkja stilksporesoppar. Polyporales inkluderer mellom anna dei fleste kjukene (mellom anna familien Polyporaceae), som er viktige nedbrytarar av tre. Hjå poresoppar blir sporane danna i porelag på undersida av hatten.[1]

Dei fleste artane i Polyporales er kvitrotesoppar som veks på tre og livnærer seg på lignin.[2] Dei kan vera eitt- eller fleirårige.[1] Dei fleste fruktlekamane har ikkje stilkar. Unntak er stilkkjuker (Polyporus) og fåresoppar (Albatrellus).[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Eckblad, Finn-Egil (23. august 2023). «poresopper». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Dai, Yu-Cheng (11. april 2006). «Phylogeny and a new species of Sparassis (Polyporales, Basidiomycota): evidence from mitochondrial atp6, nuclear rDNA and rpb2 genes» (pdf). Mycologia 98 (4): 584. 

Bakgrunnsstoff endre