Porfyr

(Omdirigert frå Porfyrisk)

Porfyr er ei nemning på magmatiske bergarter som inneheld større korn av einskilde mineral, særleg feltspat eller kvarts, i ein finkorna grunnmasse. Dei store korna blir kalla fenokrystall, strøkorn eller innsprengningar. Porfyrisk struktur er karakteristisk for lavaar og gangbergarter. Fenokrystalla er utskilt ved langsam avkjøling av magmaet i djupet, medan den finkorna grunnmassen er oppstått ved rask avkjøling etter at magmaet er pressa opp i ein sprekk i jordskorpa eller har nådd jordoverflaten.

Ein porfyrstein

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Porfyr. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/porfyr.