Porkhov (russisk Порхов) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sjelon, 75 km aust for Pskov.

Porkhov
Порхов
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Porkhov
Byvåpenet til Porkhov


Plassering
Porkhov is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Pskov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1239
1777
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

11 414
Koordinatar 57°46′00″N 29°33′00″E / 57.76667°N 29.55000°E / 57.76667; 29.55000
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81134
Eit tårn i festninga.

Ein reknar med at festninga Porkhov vart grunnlagd av Alexander Nevskij i 1239. Tømmerfestninga vart plyndra av Algirdas i 1356 og brende ned i 1387. Republikken Novgorod bygde straks opp att festningsverka i kalkstein ein drøy kilometer lenger ned elva. I 1428 øydela Vytautas, storhertugen av Litauen, vestmuren med artillerield og gjekk inn i Porkhov. To år seinare gjorde novgorodarane festninga større og murane vart reparert. Men etter at Novgorod fall til moskovittane i 1478 vart festninga mindre viktig.

Festninga består av ein godt bevart ytre mur, to tårn, der det eine delvis er i ruinar, ei kyrkje frå 1412 og eit lokalhistorisk museum.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.