PortAudio er eit multiplatform open kjeldekode lydhandsamingsbliotek for opptak og avspeling av digital audio. Biblioteket abstarkterer operativsystemspesifikke audio subsystem, slika at det vert muleg å skriva kode som er postabel mellom fleire operativsystem. Det har støtte for ALSA, Core Audio, ASIO, DirectSound, MME og WASAPI. PortAudio er skrive i C [2], men det finst òg versjonar skrivne i PureBasic and Lazarus/Free Pascal. PortAudio realiserer to I/O-metodar: 1) attendekall og 2) blokkerande eller ikkje-blokkerande synkron skrive- og lesefunksjonar.

PortAudio
Nyaste versjon19.7.0 (6. april 2021)[1]
OperativsystemUnix-variant, Microsoft Windows
Skrevet iC
SjangerLydteknologi
Typeprogrammeringsgrensesnitt
LisensX11 license
Nettstadhttp://www.portaudio.com

PortAudio er ein del av PortMusicprosjektet, som tek sikte på å utvikla operativsystemuavhengige bibliotek for musikkprogramvare. Audacity, til dømes, nyttar PortAudio. Det same gjer Windows-versjonen av JACK.

Referansar endre

  1. «Release v19.7.0». 
  2. R. Bencina og P. Burk, PertAudio: An API for portable real-time audio, i K. Greenebaum og R. Barzel (red.), Audio anecdotes, A K Peters 2004.