Portland State University

Portland State University er eit delstatseigd universitet i sentrum av Portland i delstaten Oregon i USA. Det er det største universitetet i delstaten og vart skipa i 1946 som Vanport Extension Center for å gje utdanning til returnerte krigsveteranar. Det fekk namnet Portland State Col i 1955, og introduserte masterprogram frå 1961 og doktorgradsprogram frå 1968. Universitetsstatusen vart innvilga året etter, og det inngår i Oregon University System.

PSU College of Urban and Public Affairs.

Ved universitetet var det 24 254 studentar og 1 260 vitskapleg tilsette i 2006, og same året var skulepengane US$ 5 600 for studentar som er folkeregistrert i delstaten. Studia vert gjevne opp til doktorgradsnivå.

Fagtilbodet inneheld dei klassiske liberal arts-samansetnadane med humanistiske, sosialvitskaplege og naturfaglege fag. Spesialiteten er interdisiplinære områdefag, blant anna Japanstudiar, Asiastudiar, Midtaustenstudiar, indianerstudiar (Native American Studies), jødiske studiar, afroamerikanske studiar og kvinnestudiar.

I 2004 starta PSU opp eit unikt fag innan biomedisinsk informatikk, saman med Oregon Health & Science University . To forsøk på å slå dei to universiteta saman har stranda på grunn av motstand. I 2006 vart Northwest Center for Engineering, Science and Technology opna i ein seremoni med Microsofts toppsjef Steve Ballmer.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre