Porto er ein by nord i Portugal og den nest største byen i landet med om lag 240 000 innbyggjarar,[1] 1,6 millionar innbyggjarar med nabokommunane[2] og 2,99 millionar innbyggjarar i det større storbyområdet (som inkluderer byane frå Braga til Oliveira de Azeméis).[3] Porto kommune er kjerne i eit stort byområde ved Atlanterhavet og distriktet Porto er eit av dei mest industrialiserte distrikta i Portugal.

Porto
by
Flagg
Våpenskjold
Offisielt namn: Porto
Land  Portugal
Region Norte
Distrikt Porto
Borgarmeister Rui Rio
Plassering
Porto is located in Portugal
Kart
Porto
41°08′58″N 8°36′39″W / 41.149472222222°N 8.6107777777778°W / 41.149472222222; -8.6107777777778
Wikimedia Commons: Porto
Nettstad: www.cm-porto.pt

Ein av dei mest kjende produkta frå Portugal er portvin som har fått namnet sitt etter byen, der han opphavleg vart skipa ut frå,[4] eller meir presist frå Vila Nova de Gaia, ein by like over elva som høyrer til same storbyområde. Landet vart òg kalla opp etter det latinske namnet på byen, Portus Cale.[5]

Porto er det kulturelle og administrative senteret i storbyområdet i Norte og er kjend for kulturen, innbyggjarane og den lokale mattradisjonen. Byen vert stundom kalla «Capital do Norte», eller hovudstaden i norden.

Ribeira, det historiske senteret i Porto, er innskrive på verdsarvlista til UNESCO (1996).

Historie endre

 
Rådhuset i Porto

Dei historiske kjeldene om byen går tilbake til 300-talet og romartida, sjølv om ein har funne eldre ruinar etter keltarar i hjarte av Porto. Under romarane utvikla byen seg til ei viktig handelshamn, og det vart hovudsakleg gjort handel med Olissipona (Lisboa) og Bracara Augusta (Braga), men han kom etter kvart under dei muslimske maurarane under invasjonen av Den iberiske halvøya i 711. I 868 vart den kristne krigsherren Vímara Peres, ein vasall under kongen av Asturias, Léon og Galicia, Alfonso III, send for å gjenerobre og sikre området frå elva Minho til Douro. Oppgåva omfatta byen Portus Cale, seinare Porto, og Gaia. Portus Cale gav seinare opphav til namnet Portugal. I 868 grunnla grev Vímara Peres det første grevskapet i Portugal (portugisisk Condado de Portucale) etter gjenerobringa av regionen nord for Douro.

I 1095 gifta Teresa av León, den uekte dottera til kong Alfonso VI av Castile, seg med Henrik av Burgund, og tok med seg grevskapet Portugal som medgift. Dette Condado Portucalense vart sentrum i Reconquista og seinare det sjølvstendige Kongedømet Portugal, etter kvart som maurarane vart drive sørover under kong Afonso I på byrjinga av 1000-talet.

I 1387 gifta João I og Filippa av Lancaster, dottera til Johan av Gaunt, seg i byen og symboliserte ein langvarig militær allianse mellom Portugal og England, den eldste militære alliansen i verda som framleis vert halde i hevd via NATO.

På 1300- og 1400-talet medverka skipsverfta i Porto til den portugisiske flåten. I 1415 reiste Henrik Sjøfararen, son av João I frå Porto for å erobra den muslimske hamnebyen Ceuta nord i Marokko. Denne ekspedisjonen førte til oppdagingsreiser nedover kysten av Afrika. Innbyggjarane i Porto vert framleis kalla «tripeiros», som viser til at det gode kjøtet vart lasta om bord på skipa som mat til sjømennene, medan restar og biprodukt som innmat (tripe) vart verande igjen og ete av innbyggjarane i Porto. Innmat er i dag ein viktig del av matkulturen i Porto.

Vin produsert i Dourodalen vart alt på 1200-talet transportert til Porto på barcos rabelos (flate elvefartøy). I 1703 vart handelsavtalen Methuen oppretta mellom Portugal og England. Denne gjorde at ullklede kunne fraktast tollfritt til Portugal mot at portugisisk vin vart importert til England for ein tredjedels mindre toll enn importert fransk vin. Dette vart særleg viktig for portvinindustrien. Sidan England var i krig med Frankrike vart det stadig vanskelegare å få tak i vin, så portvin vart ei stadig meir populær erstatning. I 1717 vart det oppretta ein engelsk handelsstasjon i Porto. Produksjonen av portvin gjekk gradvis over til eit fåtal engelske selskap. For å stoppe denne engelske dominansen oppretta statsminister marki av Pombal eit portugisisk selskap som fekk monopol på vin frå Dourodalen. Han sette opp grenser for kor portvinen skulle produserast for å sikre kvaliteten til vinen. Dette var det første forsøket på å kontrollere vinkvalitet og produksjon i Europa. Dei små vinavlarane gjorde opprør mot dette strenge styret på feitetirsdag og brende ned bygningane til selskapet. Opprøret vart kalla Revolta dos Borrachos (opprøret til fyllikane) og vart eit symbol på fridomsanda til innbyggjarane i Porto.

Mellom 1732 og 1763 teikna den italienske arkitekten Nicolau Nasoni ei barokk kyrkje med eit tårn som vart eit symbol på Porto, Torre dos Clérigos.

 
Torre dos Clérigos

På 1700- og 1800-talet vart byen eit viktig industrisenter og innbyggjartalet auka. Invasjonen til Napoleon sine troppar i Portugal under marskalk Soult vert framleis minna i Porto. 29. mars 1809 flykta innbyggjarane frå troppane og prøvde å krysse Douro over Ponte das Barcas (ei pontongbru) og brua kollapsa på grunn av vekta. Så mange som 6000 menneske kan ha drukna i katastrofen. Hendinga vert framleis minna ved Ponte D. Luis I. Den franske hæren vart drive ut av Porto av Arthur Wellesley av Wellington då troppane hans kryssa Douro frå Mosteiro da Serra do Pilar (eit tidlegare kloster).

I august 1820 gjorde Porto opprør mot engelskmennene som var til stades, noko som utløyste borgarkrig i Portugal. I 1822 vart ei liberal grunnlov akseptert, delvis etter eit møte i Porto (Junta do Porto). Då Miguel av Portugal tok over trona i 1828 vraka han denne grunnlova og styrte som ein einveldig monark. Porto gjorde igjen opprør og vart omleira i ein periode på 18 månader mellom 1832 og 1833 av den portugisiske hæren. Etter at kong Miguel abdiserte vart den liberale grunnlova gjeninnført.

Uro hos republikanarane førte til eit opprør i Porto den 31. januar 1891. Dette var ei hending som til slutt enda med at Republikken Portugal vart danna i 1910.

Kjelder endre

  1. Instituto Nacional de Estatística, Estimativas Provisórias de População Residente Intercensitárias - Portugal, NUTS II, NUTS III e Municípios 2005
  2. http://www.amp.pt/aamp.asp
  3. Fernando Nunes da Silva (2005), Alta Velocidade em Portugal, Desenvolvimento Regional Arkivert 2007-06-14 ved Wayback Machine., CENSUR, IST
  4. «Online Etymology Dictionary». Henta 26. juni 2008. 
  5. «Online Etymology Dictionary». Henta 26. juni 2008. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Porto