Porto Santo er ei portugisisk øy som ligg 50 km nordaust for Madeira i Nord-Atlanteren. Administrativt er ho ein del av den autonome regionen Madeira. Den største staden på øya er byen Porto Santo, òg kalla Vila Baleria. I 2001 hadde kommunen og øya 4474 innbyggjarar. Øya har ein flyplass med rute til Funchal, som berre ligg 15 min unna med fly. Ho er den nordlegaste og austlegaste av Madeiraøyane. Den næraste staden er Machico på Madeira i sørvest. Øya har ei lengd på 9 km og hovudnæringa er turisme.

Porto Santo
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 33°04′N 16°20′W / 33.067°N 16.333°W / 33.067; -16.333
Øygruppe Madeira

Areal 42,27 km²

Høgaste punkt 402 moh.
Administrasjon
Land Portugal Portugal
Autonom region Madeira
Største busetnad Porto Santo (4474 innb.)

Demografi
Folketal 4474 (2001)
Folketettleik 106 /km²

Geografi endre

 
Porto Santo sett frå lufta
 
Huset til Kristoffer Columbus på Porto Santo.

Landskapet på øya inkluderer jordbruksland i sør og sentrale område og lenger sør ei lang kystlinje med eit par strender, skogar og grassletter iv est. I nord finn ein steinete klipper med ei lenger kystlinje, i nordaust ligg skogområde og om lag fem-seks fjelltoppar dekte av gras. Porto Santo har om lag 9 km sandstrender, medan øya Madeira ikkje har nokon, bortsett frå ei lita strand nær Calheta.

Historie endre

Øya vart offisielt oppdaga i 1418 av Henrik Sjøfararen, João Gonçalves Zarco og Tristão Vaz Teixeira.

Øya vart donert til Bartolomeu Perestrelo. Namnet Porto Santo (Heilag Hamn) vart gjeve til bukta på sørkysten som gav vern til sjøfolk under uvêr. Dei første nybyggjarane hadde harde tider på grunn av lite ferskvatn og åtak frå algeriske og franske sjørøvarar.

Turisme endre

 
Den kjende 9 km lange stranda på Porto Santo.

Den 9 km lange sandstranda er den største turistattraksjonen.

Kristoffer Columbus gifta seg og levde her ein periode. Huset hans er i dag eit museum.

Porto Santo har fleire skular, ein latinskule, eit gymnas, fleire kyrkjer, ein plass (praça), eit kongressenter, eit museum, kjøpesenter, barar, restaurantar og ein golfbane.

Bakgrunnsstoff endre

Bilete frå Porto Santo

Kjelder endre