Porvoo-fellesskapet

kyrkeleg fellesskap

Porvoo-fellesskapet er eit anglikansk-luthersk kyrkjefellesskap mellom dei lutherske kyrkjene i Norden og Baltikum, dei anglikanske kyrkjene på Dei britiske øyane og episkopalske kyrkjene på Den iberiske halvøya. Avtalen om fellesskapet, Porvoo-avtalen, vart forhandla fram i Porvoo i Finland. Den norske kyrkja slutta deg til avtalen gjennom vedtak i Kyrkjemøtet 1994. Avtalen vart underteikna av dei øvste kyrkjeleiarane ved kyrkjelege seremoniar 1. september 1996 i Nidarosdomen, 8. september 1996 i Tallinn domkyrkje i Estland og 28. november 1996 i Westminster Abbey i London. Preses i Bispemøtet, Andreas Aarflot og leiar i Kyrkjerådet, Oddbjørn Evenshaug, underteikna for Den norske kyrkja.

Landa i Porvoo-fellesskapet.

Avtalen inneber at kyrkjesamfunna godkjenner dåp, nattverd og bispeembete hos dei andre avtalepartane, og at døypte medlemmer av dei einskilde kyrkjesamfunna kan rekne seg som medlemmer av andre kyrkjer i fellesskapet. Innan Porvoo-fellesskapet kan biskopar, prestar og diakonar gjere teneste utan ny ordinasjon eller vigsling.

Medlemskyrkjer endre

 
Land med kyrkjer i Porvoo-fellesskapet, markert med kva år dei gjekk inn i det.

Den danske folkekyrkja og Den latviske lutherske kyrkja deltok i utforminga av avtalen, men godkjende ikkje Porvoo-avtalen. Den danske kyrkja slutta seg først til fellesskapet den 3. oktober 2010, medan den latviske har status som observatør.[1]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Folkekirken og Porvoo, arkivert frå originalen 30. oktober 2013, henta 4. januar 2011