Postindustrielt samfunn

Postindustrielt samfunn (Det postindustrielle samfunnet) er ei nemning på eit samfunn som har gått over frå å vera eit industrisamfunn til neste fase; eit servicesamfunn basert på kunnskap.

Lyssett industriminne i Landschaftspark Duisburg-Nord i Duisburg i Tyskland. Eit industriområde har vorte gjort om til eit kulturområde.

I fleire vesteuropeiske land er innsats av kunnskap og teknologi vorte den viktigaste innsatsfaktoren både i vareproduksjon og i tenesteyting.

Det postindustrielle samfunnet vert gjerne kalla det postmoderne samfunnet, og forklarar overgangen frå ein industrialisert kvardag og til ein kvardag der industri ikkje lenger spelar hovudrolla.

Omgrepet vart først lansert av sosiologen Daniel Bell i 1973 i boka The Coming of the Post-Industrial Society. Den norske forfattaren Kjartan Fløgstad har karakterisert utviklinga som ei utvikling frå industrikultur til kulturindustri.

Litteratur endre

  • Korsnes, Olav, Andersen, Heine, Brante, Thomas; Sosiologisk Leksikon, Oslo 1997, ISBN 82-00-22948-3

Bakgrunnsstoff endre