Poststad er eit geografisk område med felles postnummer.[1] Det er eit stadnamn som blir brukt saman med postnummer for å adressera post. Poststad kan også visa til ein stad som har postkontor.

Større poststader kan ha fleire ulike postnummer, og større verksemder eller organisasjonar kan ha eige postnummer. I Norge blir poststaden oppgjeven etter postnummeret i adressa.

Sverige endre

Poststaden i Sverige - postort på svensk - fell ikkje alltid saman heilt med andre administrative eller statistiske inndelingar, som kommune, församling, småort eller tätort. For å unngå forvekslingar har Posten i Sverige ofte måtta lage eigne namn på postorter. Desse har ofte fått ei så stor gjennomslagskraft at dei heilt har erstatta det tidlegare namnet.

Til dømes heitte Höör i Skåne opphavleg «Hör». På 1800-talet skreiv ein ofte «Här» i staden for stadnamet på lokale sendingar. Derfor hamna mange brev meint for lokal distribusjon i til dømes Stockholm akkurat i Hör. På grunn av det fekk postorten stavinga Höör.[2] Denne stavinga blir no nytta òg for tätorten, församlingen og kommunen.

Namnet «Upplands Väsby», skapt av Posten i 1919, vart frå 1952 namnet på ein kommune.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Adressering». Posten Norge. Henta 14. november 2018. 
  2. «Varför stavas Höör med två ö?». Arkivert frå originalen 11. mai 2018. Henta 11. mai 2018.  Arkivert 2018-05-11 ved Wayback Machine.