Potetgull, potetlauv eller chips er ei utbreidd form for kose- og søppelmat laga av potetskiver eller liknande grønsaker som er blitt steikte sprø i olje. Ordet chips kjem frå engelsk «potato chips» – «chips» tyder ganske enkelt 'tynne skiver'.[1]

Rifla potetgull.
Foto: Paul Hurst

Potetgull i Noreg endre

Maarud AS starta produksjonen av potetskiver steikte i olje i 1936, og frå 1938 vart produktet kalla potetgull. Produksjonen låg nede under krigen og i åra som følgde, men vart tatt opp att på 1950-talet. På 1960-talet hadde Maarud AS 75 % av marknaden, mens dei i 2015 har om lag 55 % og ein produksjon på mellom 2500 og 3000 tonn potetgull for året.

Ordmerket POTETGULL vart registrert som varemerke i mars 2010, ei varemerkeregstrering som vart kjent ugyldig ved dom i Oslo tingrett 30. september 2015.[2]

Kjelder endre

  1. «chips» i Nynorskordboka.
  2. «Norges Høyesterett: HR-2016-00937-U» (PDF) (på norsk bokmål). Domstol.no. Henta 19. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Potetgull
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.