«Power»
Song av Diljá

Land Island
Språk Engelsk
Utgjeve 4. mars 2023
Sjanger Pop
Lengd 03:03
Selskap Rok
Komponist Diljá, Pálmi Ragnar Ásgeirsson
Tekstforfattar Diljá
Låtskrivar(ar) Diljá Pétursdóttir, Pálmi Ragnar Ásgeirsson

«Power» (norsk omsetjing ‘kraft’); islandsk tittel «Lifandi inni í mér», er ein popsong frå 2023 av den islandske songaren Diljá. Songen blei gjeven ut 4. mars 2023 og vann den islandske songtevlinga Söngvakeppnin 2023. Gjennom sigeren blei «Power» det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen endre

«Power» er skriven av Diljá Pétursdóttir og Pálmi Ragnar Ásgeirsson. Fyrstnemnde framfører songen også, under artistnamnet Diljá. Ásgeirsson er også ein av låtskrivarane bak «Unbroken», det islandske Eurovision-bidraget i 2015.[1]

Hausten 2022 sende dei songen inn til den islandske songtevlinga Söngvakeppnin 2023 i regi av den islandske allmennkringkasteren RÚV. Vinnaren fekk representere Island i Eurovision Song Contest 2023.

«Power» blei plukka ut til å delta i tevlinga, og i tråd med tevlingsreglane måtte låten framførast på islandsk i semifinalen og sidan på valfritt språk i ein eventuell finale. Den islandske versjonen heiter «Lifandi inni í mér» (‘levande inni meg’) og blei offentleggjord 28. januar saman med dei andre bidraga.[2] Låten kvalifiserte seg frå semifinalen og blei framført på engelsk i finalen laurdag 4. mars 2023.[3] I finalen vann «Power» telefonavrøystinga og blei dimed det islandske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[1][4]

Eurovision Song Contest endre

Island deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Power» på ellevteplass og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[5][6] Dette var fyrste gongen sidan 2018 at Island ikkje nådde ein Eurovision-finale.

Listeplasseringar endre

Liste (2023) Høgaste
plassering
  Island (Tónlistinn)[7] 1
  Litauen (AGATA)[8] 78

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Kristjans, Kristin (4. mars 2023). «Diljáwins Söngvakeppnin and will sing "Power" at Eurovision 2023 for Iceland». wiwibloggs (på engelsk). Henta 26. mars 2023. 
  2. «Iceland: 'Söngvakeppnin' 2023 lineup announced». eurovision.tv (på engelsk). 28. januar 2023. Henta 26. mars 2023. 
  3. Vautrey, Jonathan (18. februar 2023). «Iceland: Diljá and BRAGI qualify from Söngvakeppnin 2023 semi-final 1». wiwibloggs (på engelsk). Henta 26. mars 2023. 
  4. «Diljáwill represent Iceland at Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). 4. mars 2023. Henta 26. mars 2023. 
  5. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  6. «SecondSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  7. «TÓNLISTINN– LÖG: Streymi, spilun og sala viku 10. Birt 12. mars 2023.» (på islandsk). Tónlistinn. Arkivert frå originalen 12. mars 2023. Henta 26. mars 2023. 
  8. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.