Prøvingsretten er retten til den dømande makta å prøva vedtak frå den lovgjevande makta opp mot konstitusjonen og grunnlova. Det vore meir korrekt å tala om kompetansen og plikta til domstolane til å kontrollera at lova held seg innanfor dei grensene som grunnlova set. Denne kontrollen er ein del av vektene og motvektene mellom styremakter med maktfordeling seg imellom. Ein slik kontroll utvikla seg frå byrjinga av 1800-talet i USA (1803) og Noreg (1820-åra). I vår tid finst ulike versjonar av domstolskontroll i dei fleste demokratiske statar. I Noreg vart domstolskontrollen med lover fyrste gong slegen offentleg fast av Høgsterett få år etter at domspremissane vart offentlege, i ein dom frå 1866.

1. juni 2015 vart prøvingsretten kodifisert av Stortinget i Grunnlova i paragraf 89. Fram til dette hadde prøvingsretten i Noreg vore konstitusjonell sedvanerett.[1]

Kjelder endre

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.