Preben Munthe

norsk professor og økonom

Preben Hempel Munthe (15. oktober 19223. januar 2013)[1] var ein norsk økonomiprofessor, forfattar og riksmeklingsmann, fødd i tidlegare Aker kommune i Oslo. Han var son av bibliotekaren Wilhelm Munthe.

Preben Munthe
Fødd15. oktober 1922
Christiania
Død3. januar 2013
NasjonalitetNoreg
Yrkesamfunnsøkonom, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Biografi endre

Mesteparten av levetida si budde Preben Munthe i Oslo. Han utdanna seg innan sosialøkonomi i Oslo og Stockholm og vart cand.oecon ved Universitetet i Oslo i 1946. I 1946 vart han tilsett som høgskulestipendiat ved Norges Handelshøyskole i Bergen, seinare vart han forfremja til dosent. Etter studieopphald i USA og Storbritannia fekk han graden dr.oecon ved NHH i 1961, og vart utnemnd til professor i distribusjonsøkonomi ved UiO same året. Denne stillinga hadde han fram til han gjekk av med pensjon i 1992.

Preben Munthe forfatta mykje viktig faglitteratur innan sosialøkonomi. Han opparbeidde seg dessutan mange verv i løpet av karrieren. Frå 1965 - 1974 hadde han bistilling som riksmeklingsmann, og han fekk høge stillingar i ei rekkje store verksemder i Noreg, t.d. Norsk Hydro, Freia, Aschehoug, Bergen Bank, IBM og Nora Industrier samt Institusjonen Fritt Ord. Frå 1959 til 1983 var han også konsulent for Nobelkomitéen, og frå 1985 til 2000 var han kanslar for St. Olavs Orden.

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre