Prekmurje (ungarsk Muravidék, prekmurisk Prekmürsko[1]) er den austlegaste regionen i Slovenia. Han grensar til Ungarn i nordaust, Austerrike i nordvest, Kroatia i sør og den slovenske regionen Štajerska i sørvest. I tusen år var regionen ein del av Kongedømet Ungarn, i motsetnad til resten av Slovenia. Området har derfor sine særeigne språklege, kulturelle og religiøse trekk som ein ikkje finn i den andre områda av Slovenia.

The municipalities of Slovenia in Prekmurje

Regionen er kalla opp etter elva Mura, som skil regionen frå resten av landet. Regionen er delt inn tre geografiske område. Det åslendete landskapet nord for Murska Sobota, kalla Goričko; det austlege slettelandet rundt Mura, kalla Ravansko, og det vestlege låglandet rundt Lendava, kalla Dolinsko.

Senteret i regionen er byen Murska Sobota. Den einaste andre større byen er Lendava. Andre stader er Dobrovnik, Turnišče, Beltinci og Črenšovci.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Források a Muravidék történetéhez/Viri za zgodovino Prekmurja, 292. s.