Prevlaka er ei lita halvøy i Kroatia ved inngangen til Kotorbukta aust i Adriahavet. Ordet prevlaka tyder eid. Neset Oštro, som er det ytste punktet på halvøya, er òg det sørlegaste punktet på fastlandet i Kroatia.

Neset Oštro på Prevlakahalvøya

Halvøya har vore årsaka til ein grensestrid mellom Kroatia og Montenegro, på grunn av den strategiske posisjonen til halvøya, og fordi ho ligg nær ein stor montenegrisk marinebase i Kotorbukta. Krangelen er i ferd med å få ei løysing etter forhandlingar mellom dei to landa, og Montenegro har akseptert at landområdet høyrer til Kroatia.

Argument i grensestriden endre

Montenegro sine argument:

  • Grensedefinisjonar som plasserer området innanfor Montenegro:
  • Serbarar og montenegrinarar utgjorde visstnok halvparten av folkesetnaden då halvøya var busett.

Kroatia sine argument:

Historie endre

Halvøya, som andre delar av Republikken Dubrovnik, vart ein del av republikken Kroatia etter den andre verdskrigen, då den indre inndelinga av Jugoslavia vart omdefinert. Oštroneset vart det sørlegaste punktet i Sosialistrepublikken Kroatia.

 
Nærleiken av halvøya Prevlaka

Under Jugoslavia-krigane, som følgde etter Jugoslavia braut saman, vart området okkupert av jugoslaviske troppar, som det meste av Dubrovnik-området under omleiringa av Dubrovnik. Den kroatiske hæren pressa dei på eit tidspunkt tilbake, men dei fekk igjen kontrollen over Prevlaka. Dei to sidene vart einige om å demilitarisere halvøya og Tryggingsrådet i SN sin resolusjon 779 frå 6. oktober 1992 utvida mandatet til UNPROFOR for å gjennomføre denne avtalen i lag med EU sitt overvakingsoppdrag.

Ei løysing på konflikten byrja i 1996 då Sameinte Nasjonar byrja å mekle og sette opp eit observasjonsoppdrag (UNMOP) som overvaka demilitariseringar og fungerte som ein buffer.

Oppdraget tok slutt i desember 2002 og området vart gjeve tilbake til Kroatia. Ein avtale vart signert av begge sider fem dagar før UNMOP forlet Prevlaka, som då vart eit nøytralt område, sjølv om utføringa enno ikkje er heilt ferdig.

Bakgrunnsstoff endre