Primærfarger er, historisk sett, fargene raud, gul og blå.

Dei har fått namnet fordi kunstnarar fann ut at desse (og dessutan kvit og svart) var tilstrekkelege til at alle andre fargar kunne lagast ved å blande desse fargane.

Blanding av to primærfarger kallast sekundærfarger.

Sidan naturpigmenter ikkje alltid gav nøyaktig plassering på ein fargesirkel, var det ikkje alltid lett å treffe kor primærfargene skulle vere. Ein har til dømes alltid måtta ha to raudfarger, karmin og sinnober.

Moderne trykk- og biletframstilling har løyst problema med å lage fargane kunstig. Moderne firefargetrykk og dagens fargeprintarar lagar fargebilete basert på svart, cyan, magenta og gult i tillegg til den kvite papirfargen. Fargeskjermar for datamaskinar og TV, og dessutan blandemaskinar for hus- og interiørmaling, har atter andre løysingar - men alltid med tanke på færrast mogleg ulike fargepunkt, plassert med tilnærma så lik avstand som mogleg på fargesirkelen.

Sjå òg endre

Kjelder endre