Primal Scream er eit skotsk rockeband.

Primal Scream

Aktiv1982–
Sjangeralternativ rock
PlateselskapCreation Records, Astralwerks, Elevation Records

Banda blei skipa i 1982 av vokalisten Bobby Gillespie, som då var trommeslagar i The Jesus and Mary Chain, og gitaristen Jim Beattie.[1] Bandet gav ut debutalbumet Sonic Flower Groove i 1987. Det fekk eit gjennombrot med det tredje albumet sitt, Screamadelica frå 1991, og fekk den britiske Mercury-prisen for albumet den fyrste gongen han blei delt ut i 1992.[2][3] I Noreg var bandet nominert til Alarmprisen 2001 i klassen årets internasjonale album for Xtrmntr.[4] Utdelinga var den første utgåva av Alarmprisen, og den einaste gongen det blei delt ut prisar i internasjonale klassar.

Bandet har hatt fleire utskiftingar av medlemmer, og Gillespie er den einaste som har vore med sidan starten. Beattie, den andre grunnleggjaren, forlét bandet i 1987 etter utgjevinga av det første albumet. Blant medlemmer med langvarig medlemskap er bassisten og gitaristen Robert Young, som var med frå starten og fram til 2006, keyboardspelaren Martin Duffy, som var med frå 1987 og til han døydde i 2022, og gitaristen Andrew Innes, som har vore med i bandet sidan 1987.

Diskografi endre

  • Sonic Flower Groove (Elevation, 1987)
  • Primal Scream (Creation, 1989)
  • Screamadelica (Creation, 1991)
  • Give Out But Don't Give Up (Creation, 1994)
  • Vanishing Point (Creation, 1997)
  • XTRMNTR (Creation, 2000)
  • Evil Heat (Columbia, 2002)
  • Riot City Blues (Columbia, 2006)
  • Beautiful Future (B-Unique, 2008)
  • More Light (Ignition, 2013)
  • Chaosmosis (First International, 2016)

Kjelder endre

  1. «Det skotske band udgiver ny single til foråret». gaffa.dk (på dansk). 18. mars 2013. Henta 17. desember 2023. 
  2. «90-tallets viktigste?». nettavisen.no. 23. oktober 2018. Henta 17. desember 2023. 
  3. «Primal Scream til Akershus festning». dagbladet.no. 31. mars 2011. Henta 17. desember 2023. 
  4. «Alarm Awards nominasjonene». puls.no. 5. februar 2001. Henta 17. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Primal Scream