Primorska (italiensk Litorale; tysk Küstenland) er ein historisk region i Slovenia. Namnet kjem frå det historiske habsburgske kronlandet Küstenland, som Primorska var ein del av.

Primorska i Slovenia

Regionen består av to tradisjonelle provinsar, Goriška og Slovensk Istria. Under Austerrike-Ungarn vart regionen kalla Küstenland og var delt inn i Istria, den frie keisarbyen Trieste og det sjølvstyrte kronlandet Gorizia og Gradisca.

I 1918 vart heile området okkupert av den italienske hæren, og i 1920 vart det annektert av Italia, som kalla det Venezia Giulia. Etter den andre verdskrigen vart området delt mellom Jugoslavia, som fekk mesteparten, og Italia, som fekk halde byane Trieste og Gorizia. Som følgje av dette utvikla det seg nye byar langs den slovenske grensa. I dag er dei største byane her Koper og Nova Gorica - Šempeter.

Etter Ljubljana, er Primorska den mest utvikla og velståande delen av Slovenia.

Kjelder endre