Prinsesse Peach Toadstool er ein karakter i Super Mario-serien. Opphavleg vart prinsessa laga av Shigeru Miyamoto. Ho er den fiktive prinsessa av Mushroom Kingdom, som er under konstant åtak av Bowser. Ho spelar ofte rolla som jomfru i naud innanfor serien og er den største kvinnelege karakteren. Ho blir ofte framstilt som Marios kjærleik og har vore med i alle Mario-spela til i dag. Ho er hovudkarakteren i Super Princess Peach, der Peach reddar Mario.

Prinsesse Peachs emblem.

Design og eigenskapar endre

Prinsesse Peach har langt, gyllenblondt hår, store katteaktige blå auge, er høg og har ein uskyldig figur. Ho dukka fyrst opp i Super Mario Brothers iført ein lang rosa nattkjole. I utgangspunktet hadde Peach ein lang rosa kjole. Nyare spel skildrar Peach som kledd for eit formelt ball, iført ein rosa ballkjole. Tilbehøyret hennar er rosa kjolesko, hvite kveldhansker, eit safirblått anheng, safirblå øyredobbar og ein gulltiara med safirar og rubinar.

Namn endre

I Japan har prinsessas namn alltid vore Peach. Ho var opphavleg kjend som prinsesse Toadstool (Prinsesse Flugesopp) i USA og andre vestlege land. I Super Mario RPG: Legend of the Seven Stars, gjekk ho tilbake til å bli kalla prinsesse Toadstool. Det var ikkje før utgjevinga av Super Mario 64 i 1996 at namnet Peach blei allment kjend utanfor Japan.

Personlegdom endre

Personlegdommen hennar er generelt snill og veloppdragen. I dei fleste spela er ho portrettert som usjølvisk, oppkvikkande og sjenerøs.

Kjelder endre