Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen

Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen (9. juni 193016. september 2012)[1] var ei norsk prinsesse og det eldste barnet til kong Olav V av Noreg og kronprinsesse Märtha av Noreg.

Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen

FøddPrinsesse Ragnhild Alexandra av Norge
1930-06-099. juni 1930
Oslo i Noreg
Død16. september 2012 (82 år)
Rio de Janeiro
TittelPrinsesse av Noreg
Alle titlar1930–1953
Prinsesse Ragnhild av Noreg
1953–2012
Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen
Fullt namnRagnhild Alexandra Lorentzen
Hus eller slektHuset Glücksburg (Norge), Lorentzen
GravstadAsker kyrkje
LandNoreg
MorMärtha
FarOlav V
EktefelleErling Lorentzen
BarnHaakon Lorentzen, Ingeborg Lorentzen, Ragnhild Lorentzen
Monogrammet til Prinsesse Ragnhild

Prinsesse Ragnhild Alexandra vart fødd på Slottet i Oslo, som den første norskfødde prinsessa sidan mellomalderen. Ho var syster til prinsesse Astrid, fru Ferner og kong Harald V av Noreg.

I 1953 gifta ho seg med Erling Sven Lorentzen, som tidlegare hadde vore livvakta hennar, i Asker kyrkje. Ho var den første av dei kongelege som gifta seg borgarleg, altså ikkje adeleg, og hendinga skapte mykje oppstyr. Paret busette seg sidan i Brasil og fekk tre born: Haakon Lorentzen, Ingeborg Lorentzen og Ragnhild Lorentzen.

Prinsesse Ragnhild hadde i fylgje den norske grunnlova ikkje arverett til den norske trona. Ho hadde derimot arverett til den britiske trona, ettersom ho stamma direkte frå Sophia av Hannover.

Trass i den lange avstanden, var det tette band mellom Ragnhild og far hennar, kong Olav V av Noreg. I mange år sende dei brev til kvarandre kvar sundag, men ho brende alle breva etter at kong Olav døydde i 1991. Grunnen var at ho ikkje ville at breva skulle verta offentlege. Ein del faghistorikarar var usamde i denne avgjerda, av di dei meinte breva var historisk viktige.

I 2004 var prinsesse Ragnhild med i eit fjernsynsprogram, der ho kritiserte både kronprins Haakon av Noreg og prinsesse Märtha Louise av Noreg sitt val av ektefelle.[2]

Mellom utmerkingane prinsesse Ragnhild hadde var storkrossen av St. Olavs Orden.

Titlar endre

  • Prinsesse Ragnhild av Noreg (1930-1953)
  • Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen (1953-2012)

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre