Procida

kommune i Italia

Procida er ei av Dei flegreiske øyane i Tyrrenhavet i nordenden av Napolibukta på vestkysten av Italia. Øya ligg mellom neset Miseno og øya Ischia. I lag med den vetle øya Vivara dannar ho ein kommune i provinsen Napoli. Kommunen har om lag 10 000 innbyggjarar.

Procida
Ischia sett frå Procida
Ischia sett frå Procida
Geografi
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 40°43′N 13°54′E / 40.717°N 13.900°E / 40.717; 13.900
Øygruppe Dei flegreiske øyane

Areal 4,1 km²

Høgaste punkt Terra Murata (91 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Campania
Napoli

Demografi
Folketal 10 694 (2005)
Folketettleik 2 594 /km²
Procida sett frå sjøen.
Corricella sett frå Pizzaco.

Namn endre

Øya har fått namnet sitt frå det latinske namnet Prochyta. I følgje ein annan teori kjem namnet frå Prima Cyme, som tyder 'nær Cuma'. Enno ein annan teori seier at 'Procida' kjem frå det greske verbet prokeitai, som tyder 'det ligg forut', på grunn av utsjånaden til øya frå sjøen.

Geografi endre

Øya er om lag 4 km² stor. Kystlinja er ujamn og har ei lengd på 16 km. Den høgaste toppen på øya er Terra Murata med ei høgd på 91 meter over havet. Procida vart danna av fire vulkanar, no sovande og under vatn.

Historie endre

Antikken endre

Procida vart halde av Mykene ein periode mellom 1500- og 1400-talet fvt. På 700-talet fvt. kom dei første greske busetjarane til øya og vart like etter erstatta av andre greske kolonistar frå Cuma.

Under det romerske styret vart Procida ein kjend feriestad for patriciar-klassen i Roma.

Mellomalderen endre

Etter Vestromarriket sitt fall og den austromerske erobringa under dei gotiske krigane 535-554 vart Procida verande under Hertugdømet Napoli sitt styre. Øya vart fleire gonger rasert av vandalar, gotarar og sarasenarar og i mellomalderen busette innbyggjarane seg i ein forskansa landsby på øya kalla Terra Murata.

normannarane erobra Sør-Italia erfarte Procida føydalt herredøme og øya kom inn under Da Procida-familien sin kontroll, som hadde øya i meir enn to hundre år. Det mest kjende familiemedlemmet var Johan III av Procida, rådgjevar for keisar Fredrik II og leiaren av opprøret kalla Den sicilianske aftensongen.

I 1339 vart øya, i lag med Ischia, gjeve til Cossa-familien, som hadde fransk opphav og var lojale tilhengarar av Angevin, som då styrte i Napoli. Baldassare Cossa vart vald til motpave i 1410 og fekk namnet Johan XXIII. I denne perioden skjedde det ei omfattande økonomisk endring, der jordbruket gradvis vart erstatta av fiske.

Moderne tider endre

Under regjeringstida til Karl V vart øya gjeve til D'Avalos-familien. Sjørøvarane sine plyndringar heldt fram gjennom denne perioden. Det mest kjende raidet var i 1534 då den tyrkiske admiral Khair ad Din, meir kjend som Barbarossa, raserte området.

I 1744 gjorde kong Karl III Procida til eit kongeleg viltreservat. I denne perioden nådde den procidanske flåten høgdepunktet sitt, godt hjelpt av den blømande skipsbyggingsindustrien. Folketalet auka til om lag 16 000. I 1799 tok Procida del i opprøret som førte til danninga av Republikken Napoli. Då Huset Bourbon fekk tilbake makta eitt år seinare vart 12 innbyggjarar halshogd.

Napoleonskrigane førte til fleire øydeleggjande episodar på grunn av den strategiske plasseringa til hamna. I 1860, etter Kongedømet Begge Siciliar sitt fall, vart ø ya ein del av det nye Kongedømet Italia.

Procida i kulturen endre

Fleire forfattarar har lagt handlinga i romanane sine til Procida. Ei av dei mest kjende er Graziella av Alphonse de Lamartine, som kom til Procida på byrjinga av 1800-talet medan han var i den franske hæren. Ein annan roman er L'isola di Arturo (1957), eit av dei større verka til Elsa Morante.

Procida har vore med i fleire filmar, hovudsakleg på grunn av den flotte naturen og plasseringa til hovudbyen og den typiske middelhavsarkitekturen. Dei mest kjende er Postmannen og Den talentfulle Mr. Ripley.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Procida