Prospectbreen er ein isbre mellom Kinnear Mountains og Mayer Hills, som flyt nord og ut i Forster forlandsbre på vestkysten av Den antarktiske halvøya. Han vart først grovt kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. I 1954 gav UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) namnet Prospect Pass til eit skard mellom Eurekabreen og breen som her er skildra. I løpet av nye landmålingar av området av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1958, vart skardet rekna for å vere uviktig, medan denne breen var godt markert og trong eit namn.

Prospectbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 69°32′S 67°20′W / 69.533°S 67.333°W / -69.533; -67.333
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Prospectbreen
69°32′00″S 67°20′00″W / 69.5333°S 67.3333°W / -69.5333; -67.3333
Prospectbreen is located in Antarktis
Prospectbreen (Antarktis)

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Prospect Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).