Protea

planteslekt
Protea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Proteales
Familie: Proteaceae
Slekt: Protea
L., 1753

Protea er ei slekt av sørafrikanske blomsterplantar. Slekta har 115 artar. Dei blir nokre gonger kalla sugarbushesengelsk og suikerbosafrikaans.

Etymologi endre

Proteaslekta vart gitt namn i 1735 av Carl von Linné etter den greske guden Proteus som kunne endre si eiga form, ettersom plantane opptrer i eit rikt utval av former. Linné si slekt vart danna ved å slå saman eit rekkje slekter som tidlegare var blitt skildra av Herman Boerhaave, sjølv om akkurat kva for slekter av Boerhaave sine som var inkludert i Linnés Protea varierte i dei ulike publikasjonane til Linné.

Taksonomi endre

Proteaceae-familien som Protea er plassert i, er ein gammal familie. Forfedrane voks i Gondwana for 300 millionar år sidan. Proteaceae er delt i to underfamiliar: Proteoideae, hovudsakleg i det sørlege Afrika, og Grevilleoideae, konsentrert til Australia og Sør-Amerika og andre mindre delar av Gondwana som no er del av det austlege Asia. Afrika deler berre ei slekt med Madagaskar, medan Sør-Amerika og Australia har mange sams slekter — dette tyder på at dei vart skilt frå Afrika før dei vart skilt frå kvarande.

Utbreiing endre

Dei fleste artar av Protea finn ein sør for Limpopoelva. Men Protea kilimanjaro er å finne i Mount Kenya nasjonalpark. 92 % av alle artane finn ein berre i Cape floraregion som er eit smalt belte på den fjellrike kysten frå Clanwilliam til Grahamstown i Sør-Afrika. Den usedvanleg store artsvariasjonen som er typisk for regionen trur ein skuldast det varierte landskapet der plantepopulasjonar kan bli isolert frå kvarandre og over tid utvikle seg til eigne artar.

Botanikkhistorie endre

Plantar i proteaslekta vekte interessa til botanikarar som gjesta Kapp det gode håp1600-talet. Mange artar vart introduserte i Europa1700-talet og dei var spesielt populære blant botanikarar.

Klassifisering endre

Innanfor den store familien Proteaceae, er Protea medlemmer av underfamilien Proteoideae som har slekter som finst i det sørlege Afrika og Australia.

Artar endre

 
Protea Pink ice

Etter det latinske namnet står det engelske.

 
Protea madiensis
 
King Protea (Protea cynaroides)
 
King Protea (Protea cynaroides)
 
King Protea (Protea cynaroides)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Protea