Proteksjonisme er ein økonomisk politikk der ein ved ulike middel avgrensar handel mellom land.

Proteksjonistiske handelshindringar kan vere høge tollsatsar, kvoteavgrensingar, og forskjellige statlege reglar som favoriserer innanlands produksjon.

Proteksjonisme står i motsetning til frihandel, der det ikkje blir etablert nokon hinder for handel mellom landa.

Proteksjonisme blir ofte assosiert med økonomiske teoriar som merkantilisme, idéen om at det er gunstig å ha eit handelsoverskot med andre land; og at ein for å nå det må avgrense importen.

Dei to hovudtypane av proteksjonisme er tradisjonell proteksjonisme, der ein toll blir innkrevd på vara; eller proteksjonisme ved andre middel - moderne proteksjonisme.

Kjelder endre