Ein protestsong er ein høvessong som er knytt til ei rørsle for samfunnsendringar. Det kan vere folkeviser, klassiske songar eller kommersiell musikk generelt. Av samfunnsrørsler som har mange protestsongar knytte til seg finn ein slavefrigjering, stemmerett for kvinner, fagrørsla, borgarrettar, krigsmotstand, feministrørsler, dyrevernrørsler og fleire.

Protestsong under demonstrasjon for borgarrettar i Washington i 1963, mellom anna med Joan Baez som forsongar på «We Shall Overcome».

Protestsongane er ofte situasjonsmessige og har vorte tilknytte ei samfunnsrørsle gjennom samanhengen. «Goodnight Irene» fekk til dømes stempelet som ein protestsong fordi han vart skriven av Lead Belly, ein svart straffange og sosialt utskot, sjølv om det på overflata er ein kjærleikssong. Eller dei kan vere abstrakte, uttrykkjande, i meir generelle former, motstand mot urettferd og støtte for fred eller fredstankar, men publikum veit vanlegvis kva dei refererer til. Beethoven sin «Ode til gleden» er ein song som støttar universelt brorskap og er ein slik song. Det er ein setting frå eit dikt av Schiller som feirar fellesskapen til alle levande og Beethoven sjølv la til linjene om at alle menneske er brør. Songar som støttar status quo kvalifiserer ikkje som protestsongar.[1]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «To protest is to verbalize a dissatisfaction with the status quo,» Elizabeth J. Kizer , «Protest Song Lyrics as Rhetoric,» Popular Music and Society IX, No. 1 (1983): 3.