Provinsen Ancona
Nasjon Italia
Region Marche
Hovudstad Ancona
Areal 1 940 km²
Folketal (2006) 465 906
Folketettleik 240/km²
Kommunar 49
Bilnummer AN
Postnummer 60100
Retningsnummer (tlf) 71
President Patrizia Casagrande Esposto
Plasseringa til Ancona i Italia


Provinsen Ancona (italiensk Provincia di Ancona) er ein provins i regionen Marche i Italia. Hovudstaden er byen Ancona. Han har eit areal på 1 940 km² og totalt 465 906 innbyggjarar (2006). Det er 49 kommunar i provinsen.

Provinsen strekkjer seg frå kysten av Adriahavet og vestover til Appenninane, og terrenget vert gradvis høgare og meir fjellendt bort frå kysten. Dei fleste innbyggjarane bur langs kysten, og om lag ein fjerdedel av alle innbyggjarane bur i byen Ancona. Andre større byar er Fabriano, Jesi, Loreto, Osimo og Senigallia.

Kyststripa i provinsen består av sandstrender som er populære turistmål. Dei sentrale områda er jordbruksland, der ein produserer raud- og kvitvin av druer som Sangiovese, Montepulciano og Verdicchio. Fjellområda er tett skogkledd og her finn ein det mest kjende jordbruksproduktet, svart trøffel.

Kart over Ancona-provinsen

Største kommunar endre

Per 30. juni 2005

Kommune Ibuarar
Ancona 101 798
Senigallia 44 031
Jesi 39 720
Fabriano 30 718
Osimo 30 598
Falconara Marittima 28 284
Castelfidardo 18 059
Chiaravalle 14 478
Loreto 11 754

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Ancona