Bergamo-provinsen

(Omdirigert frå Provinsen Bergamo)
Provinsen Bergamo
Nasjon Italia
Region Lombardia
Hovudstad Bergamo
Areal 2 723 km²
Folketal (2010) 1 098 740
Folketettleik 404/km²
Kommunar 244
Bilnummer BG
Postnummer 24000-24100
Retningsnummer (tlf) 035, 0345, 0346, 0363,
President Valerio Bettoni
Plasseringa til Bergamo i Italia

Provinsen Bergamo (italiensk Provincia di Bergamo) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Bergamo. Han har eit areal på 2 723 km² og totalt 1 098 740 innbyggjarar (2010). Det er 244 kommunar i provinsen.

Han grensar til provinsen Sondrio i nord, provinsen Brescia i aust, provinsen Cremona i sør og provinsane Milano, Monza e Brianza og Lecco i vest. I nord ligg Dei bergamaskiske Alpane der det høgaste punktet er Pizzo Coca på 3 052 meter over havet. Av dalar finn ein Seriana og Brembana. Dei sørlege områda består stort sett av sletter.

Av elvar finn ein Serio, Brembo og Adda i sørvest. I aust dannar Iseosjøen, som Oglio renn gjennom, ein del av grensa. Det er funne mineral i området rundt Trescore og San Pellegrino (kjelda til mineralvatnet med same namn) og andre stader.

Dei største kommunane var i 2005:

Kommune Innbyggjarar
Bergamo 120 694
Treviglio 29 034
Seriate 24 297
Dalmine 23 266
Romano di Lombardia 19 049
Albino 18 186
Caravaggio 16 228
Alzano Lombardo 13 757
Stezzano 12 867
Osio Sotto 11 890
Nembro 11 636
Ponte San Pietro 11 543
Cologno al Serio 10 759
Treviolo 10 297
Martinengo 10 121
Castelli Calepio 10 016

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre