Provinsen Carbonia-Iglesias
Nasjon | Italia |
Region | Sardinia |
Hovudstad | Carbonia og Iglesias |
Areal | 1 495 km² |
Folketal (2001) | 131 890 |
Folketettleik | 88/km² |
Kommunar | 23 |
Bilnummer | CI |
Postnummer | - |
Retningsnummer (tlf) | 0781 |
President | Pierfranco Gaviano |
Plasseringa til Carbonia-Iglesias i Italia |
Provinsen Carbonia-Iglesias (italiensk Provincia di Carbonia-Iglesias, sardisk Provìntzia de Carbònia-Igrèsias) er ein tidlegare provins i regionen Sardinia i Italia, som inneheld den historiske regionen Sulcis-Iglesiente. Provinsen låg sørvest på øya. I 2016 blei provinsen erstatta av provinsen Sud Sardegna.
Dei to byane Carbonia og Iglesias delte dei administrative oppgåvene. Han hadde eit areal på 1 495 km² og totalt 131 890 innbyggjarar (2001). Det var 23 kommunar i provinsen. Den største av desse er Carbonia, medan Iglesias er den nest største. Ein annan viktig kommune var Sant'Antioco, som ligg på øya med same namn.
Største kommunane endre
Per 30. juni 2005
Kommune | Folketal |
---|---|
Carbonia | 30 450 |
Iglesias | 27 902 |
Sant'Antioco | 11 745 |
Domusnovas | 6 498 |
Carloforte | 6 480 |
San Giovanni Suergiu | 6 086 |
Portoscuso | 5 346 |
Gonnesa | 5 189 |
Bakgrunnsstoff endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Province of Carbonia-Iglesias» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2019.