Provinsen Catania

Provinsen Catania
Nasjon Italia
Region Sicilia
Hovudstad Catania
Areal 3 552 km²
Folketal (2005) 1 073 881
Folketettleik 302/km²
Kommunar 58
Bilnummer CT
Postnummer 95100, 95010-95049
Retningsnummer (tlf) 095, 0942, 0933
President Raffaele Lombardo
Plasseringa til Catania i Italia

Provinsen Catania (italiensk Provincia di Catania; siciliansk Pruvincia di Catania) er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Catania. Han har eit areal på 3 552 km² og totalt 1 073 881 innbyggjarar (2005).

Vulkanen Etna ligger i Catania

Provinsen grensar til Det joniske havet i aust, provinsen Messina i nord, provinsen Enna og provinsen Caltanissetta i vest og provinsen Siracusa og provinsen Ragusa i sør.

Det er 58 kommunar i provinsen og dei største av desse er:

Kommune Innbyggjarar
Catania 305 717
Acireale 52 394
Paternò 49 006
Misterbianco 46 251
Caltagirone 39 299
Adrano 35 779
Gravina di Catania 28 018
Aci Catena 27 992
Giarre 26 821
Mascalucia 26 284
Biancavilla 23 308
Belpasso 22 032
Tremestieri Etneo 21 362
San Giovanni la Punta 20 526
Bronte på Sicilia 19 147
Aci Castello 18 084
Scordia 17 168
Aci Sant'Antonio 16 796
Palagonia 16 393

Endringar endre

Det har vorte diskutert i mange år om ein skal dele provinsen Catania opp i tre separate provinsar, der den sørlege delen vert provinsen Caltagiorne, området nordaust for Etna vert provinsen Acireale-Giarre-Taormina. Den nye provinsne vil innehalde alle kommunane sør for elva Simeto i tillegg til kommunane Ragusa og Caltanisetta. Det var ei folkeavstemming i 1990-åra for å avgjere dette, men fleirtalet stemde nei, og ingenting har vorte gjort etter den tid.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Provinsen Catania