Provinsen Teramo
Nasjon Italia
Region Abruzzo
Hovudstad Teramo
Areal 1 948 km²
Folketal (2005) 296 063
Folketettleik 152/km²
Kommunar 47
Bilnummer TE
Postnummer 64100
Retningsnummer (tlf) 0861
President Ernino D'Agostino
Plasseringa til Teramo i Italia


Provinsen Teramo (italiensk Provincia di Teramo) er ein provins i regionen Abruzzo i Italia. Hovudstaden er byen Teramo. Han har eit areal på 1 948 km² og totalt 296 063 innbyggjarar (2005). Det er 47 kommunar i provinsen. Teramo grensar til provinsen Ascoli Piceno i regionen Marche i nord, provinsen L'Aquila i sør og sørvest og til provinsen Rieti Lazio i vest. I sør ligg provinsen Pescara og i aust Adriahavet.

Geografi endre

Landskapet i provinsen Teramo er dominert av Adriahavet i aust og Appenninane i vest. Provinsen er delt i nord go sør av åsar og dalar som går frå Appenninane og nesten ut til kysten. I tillegg til hovudstaden er dei viktigaste økonomiske sentera Roseto degli Abruzzi og Giulianova med innbyggjartal på litt over 20 000 kvar.

Toppane til Gran Sasso stig opp i vest, medan Monti della Laga dominerer grenseområda i nord. Den høgaste toppen i Gran Sasso er Corno Grande med ei høgd på 2 912 moh. Her ligg òg Calderonebreen, den sørlegaste isbreen i Europa. I motsetnad til det kuperte og isolerte Gran Sasso-området, har Monti della Laga tjukke skogar, djupe gjel og rullande sider og dalar med flotte fossefall.

Aust i provinsen ligg det sju strender, dei såkalla «sju søstrene», ved Adriahavet. Her finn ein feriestader med svært fin, kvit sand med mildt middelhavsklima, palmar, furuar og oleander.

 
Kart over Teramo-provinsen

Største kommunane endre

Stand: 1. januar 2009

Kommune Ibuarar
Teramo 55 015
Roseto degli Abruzzi 24 779
Giulianova 23 343
Martinsicuro 16 993
Silvi 15 622
Pineto 14 430
Alba Adriatica 12 174
Atri 11 326
Sant’Egidio alla Vibrata 9 675
Tortoreto 9 631
Mosciano Sant’Angelo 9 065
Montorio al Vomano 8 184
Campli 7 558
Castellalto 7 439
Bellante 7 295
Notaresco 6 979
Civitella del Tronto 5 459
Sant’Omero 5 444

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre