Provinsen Utrecht

provinsen

Utrecht er ein provins i Nederland og ut frå areal den minste i landet. Han ligg midt i landet og grensar til Eemmeer i nord, Gelderland i aust, elva Rhinen i sør, Zuid-Holland i vest og Noord-Holland i nordvest. Byen Utrecht er administrasjonssenter og av andre store byar finn ein Amersfoort og Zeist.

Utrecht
provins
Flagg
Symbol
Land  Nederland
Hovudstad Leeuwarden
Areal 1 386,0 km²
Folketal 1 253 672 (31. desember 2013)[1]
Kart
Utrecht
52°06′12″N 5°10′45″E / 52.103333333333°N 5.1791666666667°E / 52.103333333333; 5.1791666666667
Wikimedia Commons: Utrecht (province)

Historie endre

I mellomalderen vart det meste av området og landet rundt styrt av erkebiskopen av Utrecht. Bispedømet vart grunnlagd i 722 av Willibrord. Det har vore mange krigar mellom Utrecht og grevskapa og hertugdøma rundt, som Holland, Gelderland og Brabant. I 1527 selde biskopen områda til keisar Karl V, som alt eigde dei andre nederlandske provinsane. Habsburgstyret varte ikkje lenge og Utrecht vart med i opprøret mot son til Karl V, Filip II av Spania som ein del av Dei sameinte Nederlanda.

Byane Oudewater, Woerden og Vianen vart overført til provinsen Zuid-Holland, sistnemnde i 2002.

Geografi endre

 
Utrecht

Aust i Utrecht ligg Utrechtse Heuvelrug, ei rekkje moreneåsar. Sidan jordsmonnet i provinsen var relativt næringsfattig var området tidlegare dekt av lyngheier. Dei sørlege delane av provinsen er eit elvelandskap, medan dei vestlege områda stort sett er enger.

Kommunar endre

Overijssel består av følgjande 26 kommunar:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Utrecht