Denne artikkelen handlar om byen i Ukraina. For elva, sjå Pripjat.

Prypjat (ukrainsk При́пять; russisk При́пять, Pripjat’) er ein spøkelsesby nær Tsjernobyl atomkraftverk innanfor Tsjernobylsona i Kiev oblast (provins) nord i Ukraina, nær grensa til Kviterussland.[2]

Pripjat
При́п'ять (ukrainsk) При́пять (russisk)
Forlaten by
Land  Ukraina
Oblast Kiev oblast
Rajon Ivankiv rajon
Koordinatar 51°24′20″N 30°03′25″E / 51.40556°N 30.05694°E / 51.40556; 30.05694
Areal km²
Folketal 0  (2012)
Grunnlagd 1970
 - Byrettar 1980
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer ingen
Retningsnummer +380 4499[1]
Kart
Prypjat
51°24′23″N 30°03′27″E / 51.4065°N 30.057472222222°E / 51.4065; 30.057472222222
Wikimedia Commons: Pripyat

Byen har ein spesiell status i Kiev oblast og er direkte underlagt oblastet, sjølv om han ligg innanfor grensa til Ivankiv rajon. Byen vert òg styrt av Beredskapsdeparementet i Ukraina som ein del av styret av den lukka Tsjernobylsonen.

Pripjat vart grunnlagd i 1970 for å huse arbeidarane i Tsjernobyl atomkraftverk. Han fekk offisielt bystatus i 1979, men vart fråflytta i 1986 etter Tsjernobylulukka. Han var den niande atombyen (russisk атомоград, atomograd) i Sovjetunionen på den tida og hadde kring 50 000 innbyggjarar før ulukka.

Janov jernbanestasjon låg mindre enn 1 km frå byen og den farbare elva Pripjat flyt i nærleiken.

Panoramabilete av Pripjat i mai 2009.
Tsjernobyl atomkraftverk med måling av radioaktivitet i 2003.

Tilkomsten til Pripjat var ikkje lukka, som så mange andre byar i Sovjetunionen, sidan atomkraftverket her vart rekna som tryggare enn andre typar kraftverk. Opphavleg var planen å byggje atomkraftverket berre 25 km frå Kiev, men Det ukrainske vitskapsakademiet var uroa over nærleiken til byen. Atomkraftverket og Pripjat[3] vart derfor bygd der dei no ligg, kring 100 km frå Kiev. Etter katastrofen vart Pripjat evakuert i løpet av to dagar.[4]

Parisarhjulet i Pripjat.

I 1986 vart byen Slavutytsj bygd opp for å erstatte Pripjat. Mange av bygningane i Pripjat har blitt vandaliserte og plyndra gjennom åra og bygningane har ikkje blitt vedlikehaldne sidan 1986. Det veks tre på somme tak og sjølv inne i somme bygningar.

Tryggleik endre

Det er relativt trygt å vitje Tsjernobylsona i dag, og fleire ukrainske selskap tilbyr guida turar til området. Strålingsnivået er kraftig redusert, samanalikna med dei dødelege nivåa i april 1986. Dei fleste stadane i byen er strålingsnivåa ikkje over ein ekvivalent dose på 1 μSv (1 mikrosievert) per time.

Kjelder endre

  1. City Phone Codes
  2. Pripyat: Short Introduction, arkivert frå originalen 11. juli 2012, henta 7. oktober 2012 
  3. History of the Pripyat city creation, arkivert frå originalen 22. juli 2011, henta 7. oktober 2012 
  4. dirjournal.com, arkivert frå originalen 17. november 2014, henta 7. oktober 2012 

Bakgrunnsstoff endre