Psará (gresk Ψαρά) er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg 22 km nordvest for øya Khíos og 150 km frå Aten. Øya er om lag 7 x 8 km stor og har eit areal på 45 km². Ho har vore busett sidan den mykenske perioden og innbyggjarane har alltid vore avhengige av havet. Homer refererte til øya som Psyra[2].

Psará
Lokalt namn Ψαρά
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 38°34′9″N 25°35′4″E / 38.56917°N 25.58444°E / 38.56917; 25.58444
Øygruppe Dei nordegeiske øyane

Areal 44,51 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Khíos
Største busetnad Psará (420 innb.)

Demografi
Folketal 420 (2021[1])
Folketettleik 9,4 /km²

Psará er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Khíos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[3]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Psará 420 innbyggjarar, som alle budde i tettstaden med same namn.[1]

Kommunen Psará inkluderer den vesle øya Andípsara som hadde 4 innbyggjarar i 2011,[4] men som etter folketeljinga i 2021 ikkje lenger er busett.[1] Psará har òg ei lita hamn med samband til Khíos og andre delar av Hellas.

Psará vart med i den greske sjølvstendekrigen 10. april 1821. Øya vart invadert 21. juni 1824 av egyptiske styrkar under Ibrahim Pasha sin kommando. Delar av folkesetnaden klarte å flykte frå øya, men dei som ikkje klarte det vart anten seld som slavar eller nedslakta. Meir enn 15 000 grekarar vart massakrert. Øya vart forlate og øybuarane vart spreidd rundt i Sør-Hellas. Theofilos Kairis, ein prest og vitskapsmann, tok mange foreldrelause born til seg og utvikla den kjende skulen Orfanotropio av Theofilos Kairis.

Av landemerke på øya finn ein ei borg. Psará har ein skule, ei kyrkje, eit postkontor, ei hamn og ein plass (plateia).

Byar og tettstader endre

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[4] Folketal 2021[1]
Psará 454 420
Andípsara 4 0
Límnos 0 0

Småøyar i kommunen:

  • Andípsara (0)
  • Ájo Nikoláki (0)
  • Dakalió (0)
  • Káto Nisí (0)
  • Mastrojórji (0)
  • Móni Kimíseos Theotókou (0)
  • Prasonísi (0)

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre