Pulkovo-observatoriet

Pulkovo-observatoriet er eit observatorium sør for St. Petersburg i Russland. Det vart grunnlagt i 1839 av Friedrich Georg Wilhelm von Struve. Fram til andre verdskrigen var dette eit av dei fremste observatoria innan posisjonsastronomi, dobbeltstjerneastronomi og spektroskopi. Under åtaket på Leningrad i 1941 vart observatoriet lagt i ruinar, men er seinare bygd opp att, og nyopninga fann stad i 1954. Det nye Pulkovo-observatoriet, som er eit av dei største i verda, held fram gamle tradisjonar, men arbeidsfeltet er blitt utvida med radioastronomi, solforsking og mykje meir.

Pulkovo-observatoriet i 1839.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pulkovo-observatoriet