Pudder eller pulver (frå latin pulvis) er fint, laust støv, eit granulært materiale som i regelen har lik farge og utsjånad.

Talkumpulver blir ofte brukt som kroppspudder.
Raudt kumkum-pulver blir særleg brukt til å laga hinduistiske pannemerke med.
Foto: McKay Savage

«Pudder» (frå fransk poudre) blir særleg brukt om ei form for sminke som ein kan børsta på huda for å motverka sveitte og gje huda ein ønskt let, men kan også brukast om særs fin snø, «puddersnø». «Pulver» blir mellom anna brukt om medisinar i pulverform, og om andre produkt i pulverform, som bakepulver.

Kjelder endre

Sjå òg endre