Puncak Jaya (tidlegare Carstenszpyramida) er eit 4 884 meter høgt fjell på den indonesiske delen av Ny-Guinea. Det er det høgste fjellet på den australske kontinentalplata, og det høgste fjellet i Oseania.

Puncak Jaya på Ny-Guinea er det høgste fjellet i Indonesia

Puncak Jaya er det høgste fjellet mellom Himalaya og Andesfjella og det er det høgste fjellet som ligg på ei øy. Puncak Jaya ligg i fjellkjeda Sudirman Range eller Dugundugoo i dei vestlege delane av det sentrale høglandet i provinsen Papua i den indonesiske delen av Ny-Guinea.

Puncak Jaya vart fram til 1960-talet kalla for Carstenszpyramida etter den nederlandske oppdagaren Jan Carstensz. På ein klar dag i 1623 fekk han som den første europear auge på isbreane på toppen av fjellet. Carstensz vart i samtida gjort til lått i Europa då han fortalde at han hadde sett snø på eit fjell nær ekvator. Isbreane finst framleis på toppen af Puncak Jaya, men mildare klima har ført til at dei har vorte stendig mindre.

Fjellet vart klive første gongen i 1962 av eit turlag leia av den austerrikse fjellklatraren Heinrich Harrer, dei andre deltakararane var Albert Huizenga, Russell Kippax og Philip Temple.

Kjelder endre