Pungdyr

infraklasse av pattedyr
Pungdyr
Grå kjempekenguru (Macropus giganteus)
Grå kjempekenguru (Macropus giganteus)
Utbreiing
Utbreiinga av pungdyr
Utbreiinga av pungdyr
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Metatheria
Infraklasse: Pungdyr Marsupialia
Illiger, 1811

Pungdyr er ei stor gruppe pattedyr som er kjent for at ungane blir fødde på eit tidleg trinn i utviklinga og oppheld seg nær kroppen til mora til han blir meir utvikla.

Ungen til ein raudhalsa wallaby (Macropus rufogriseus) med hovud og ein fot utav pungen.

Skildring endre

Bortsett frå nokre få av dei, har alle pungdyra ein pung der ungane held seg under utviklingstida. Ein kan nesten seie at ungane blir fødde medan dei enno er på eit fosterstadium og deretter går gjennom siste delen av svangerskapet etterpå. Oftast blir dei nærmast sitjande fast på patten, som svulmar opp inne i munnen deira. Hos mange arter kan dei gå inn og ut av pungen òg etter at dei har kome lenger i utviklinga.

Hos pungdyra fungerer plommesekken som ei morkake. Plommesekken er sterkt utvida, og vil feste seg i livmorveggen. I staden for at fosteret festar seg djupt nede i slimhinnene i livmorveggen som hos placentale pattedyr, dannar livmora ein grunn fordjupning rundt fostret. Ein god del av næringa til fostret kjem i form av «livmormelk», ein substans som blir skilt ut av livmorveggen og blir teke opp av fostret. Noko næring passerer frå mora si blodårer til blodåren i plommesekken. Punggrevlingene har ein primitiv morkake av meir normal type, men òg desse føder ungane på eit særs tidleg tidspunkt i fosterutviklinga.[1] Omgrepet placentale pattedyr om alle andre dyr enn pungdyr og kloakkdyr er difor eigentleg misvisande, sidan det òg finst ei slags morkake hos pungdyra.[2]

 
Numbat (Myrmecobius fasciatus)

Artar endre

Pungdyra omfattar omkring 270 kjende arter, i omkring 18 familiar. Dei fleste nålevande pungdyr lever i Australia, men nokre finst òg på øyar i Stillehavet og i Sør-Amerika. Fossile pungdyr er kjent òg frå andre stader i verda, inkludert Europa.

Pungdyra er ei mangearta gruppe. Pungdyr er både små og store og har svært ulike fysiske trekk og mange ulike levemåtar. Dei kan vere både planteetarar, insektetarar og kjøttetarar. Det finst pungdyr som både klatrar, grev, glideflyr og rører seg snøgt på slettene. Gruppa omfattar fleire dyr som ber namn etter placentale pattedyr som dei liknar på. Det gjeld til dømes pungmoldvarpar og pungrotter. Gruppa omfattar òg dyr som synest å vere temmeleg ulike frå alle andre dyr, som kenguruar og vombatar.

Ordenar
 
Teikning av den utdøydde «pungløva», Thylacoleo.

Utdøydde pungdyr endre

Utdøydde pungdyr omfattar dyreformer som synest å ytterlegare vise kor mangearta dyregruppa er. Dei fleste var plante- og insektetarar, medan nokre var rovformer. Dei varierte mykje i storleik frå særs små former til nokre som var store som storfe. Nokre av dei utdøydde formene hadde store fortenner som liknar dei hoggtennene som sabeltanntigerane hadde.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Side om reproduksjon frå Centennial Museum, Univerity of Texas and El Paso
  2. Mammal Species of the World, 3rd edition (MSW3) Arkivert 2010-06-23 ved Wayback Machine. Taksonomien til American Museum of Natural History er referanse for norsk systematikk

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pungdyr
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Pungdyr