Punisk er eit utdøytt semittisk språk som tidlegare vart talt av punarane ved middelhavskysten av Nord-Afrika og på fleire øyar i Middelhavet.

Punisk utvikla seg frå fønikisk i dei fønikiske koloniane ved Middelhavet. Språket er utelukkande kjent frå inskripsjonar og frå einskilde ord og namn i latinsk og gresk litteratur. Skodespelet Poenulus av Plautus inneheld nokre få linjer på punisk. Etter at romarane hadde erobra det karthagiske rikt vart punisk gradvis fortrengt av latin, men språket eksisterte enno på 400-talet e.Kr.

Kjelder endre