Purim (bibelsk hebraisk og jiddischפּוּרִים, pūrīm) er ei jødisk høgtid til minne om korleis dronning Ester redda jødane i Persia frå utrydding. Dagen blir feira den 14. adár, som vanlegvis fell rundt den gregorianske månaden mars. Ordet purim betyr 'lodd' (også 'skjebne' og 'lukke'), og viser til loddtrekkinga som var brukt for å bestemma datoen for utryddinga.

Purim-høgtida med utkleding i Jerusalem.

Dagen Haman hadde vald til å utrydda jødane var den 13. adár. Frå solnedgang denne dagen tek den 14. adár og feiringa av purim til. Sjusján purím blir feira dagen etter, den 15. adár, i byar som var befesta under Josva. Ved jødiske skotår, når ein har to adármånader, feirar ein purim i den andre månaden, slik at høgtida alltid fell ein månad før pesach.

Dagen før purim er ein fastedag kalla ta'anit Ester, 'Esters faste', til minne om dei tre dagane Ester fasta før ho gjekk framføre kongen for å be for jødane.

Esters bok med lesehjelpar.

Bakgrunn endre

Forteljinga rundt purim er knytt til jødane sitt eksil i Babylon, først under babylonsk og seinare under persisk herredøme. Haman, storvisiren til kong Ahasverus, planlegg å drepa alle jødane i riket etter at ein av dei, Mordekai, har nekta å bøya seg for han. Men dronning Ester er fosterdottera til Mordekai, og får høyra om planane. Ho fastar i tre dagar før ho går framføre kongen, noko som er straffbart om ho ikkje er boden, og fortel han korleis Haman planlegg å utsletta folket hennar. Det endar med at kong Ahasverus gjev støtte til jødane og gjev dei lov til å væpna og forsvara seg sjølv. Dei som vil utsletta dei blir sjølv utsletta, og Haman blir hengd i galgen han hadde reist for Mordekai.

Markering endre

 
Ei skrangle ( רעשן , ra’āshān - jiddisch גראַגער , gragger) til bruk når Haman blir omtalt under lesinga av Esters bok.

På purim er alle jødar plikta til å høyra opplesing av Esters bok eller Megilla. Det er tradisjon å trampa med beina, ropa og ellers lage spetakkel kvar gong namnet Haman blir nemnd. Dette er for å «viska ut» namnet hans.

 
Hamentaschen med sviskefyll er tradisjon i purim-høgtida.

Ein skal eta, drikka og vera glad under høgtida. I følgje Talmud, og seinare tolkingar av tradisjonen, skal ein drikka til ein ikkje veit skilnaden på «forbanna vera Haman» og «lovprisa vera Mordekai». I tillegg er det vanleg å senda ut gåver med mat og drikke, og å gje gåver til gode formål.

Det er vanleg å halda ei karnevalliknande feiring på purim, der ein har skodespel, parodiar på historier og liknande.

Blant askenasiske jødar er det vanleg å eta hamentaschen ('Haman-lommar'). Dette er trekanta små kaker fylte med syltetøy som skal representera den trekanta hatten til Haman.

Purim er elles ein vanleg dag der arbeid er tillate, om han ikkje fell på sabbaten.

Sjusján purím endre

Ifølgje Esters bok varte kampane i den persiske hovudstaden Susa (Sjusján) til den 14. adár, og jødane som budde der kunne først feira frelsa si den 15. Det er blitt tradisjon at byar som var befesta under Josva si tid feire purim ein dag etter andre stader. I tillegg til Susa er Jerusalem omfatta av denne ordninga. I fleire andre israelske byar er det også tradisjon å lesa frå Esters bok på den 15., sjølv om ein feirar purim på den 14., fordi ein ikkje er sikker på om desse byane var befesta i Josva si tid.

Purim katan endre

Purim katan er ei lita feiring under jødiske skotår når ein har to adar-månader. Purim blir då feire i andre adar. Den 14. og 15. dagen av første adar blir gjerne feira som ei mindre høgtid, purim katan og sjusjan purim katan.[1]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Purim Katan / פורים קטן, hebcal.com