Denne artikkelen handlar om fjellet. For det franske departementet, sjå Puy-de-Dôme.

Puy de Dôme er ein stor lavadom og ein av dei yngste vulkanane i Chaîne des Puys-området i Massif Central i sørlege delar av det sentrale Frankrike, om lag 10 km frå byen Clermont-Ferrand. Departementet Puy-de-Dôme er kalla opp etter vulkanen.

Puy de Dôme
fjell
Land  Frankrike
Område Nær Clermont-Ferrand
Fjelltype Lavadom
Fjellkjede Chaîne des Puys i
Massif Central
Høgd 1 464 moh.
Bergartar frå <10 000 pr
Siste utbrot 5760 fvt.
Lettast tilkomst veg
Førstestiging Ukjend
Koordinatar 45°30′N 2°48′E / 45.5°N 2.8°E / 45.5; 2.8
Kart
Puy de Dôme
45°46′19″N 2°57′45″E / 45.772°N 2.9624°E / 45.772; 2.9624
Wikimedia Commons: Puy de Dôme (mountain)

Ein reknar med at Le puy de Dôme vart danna ved eit einaste utbrot, og har vore utan vulkansk aktivitet dei siste 12000 åra. Han ligg på eit granittplatå i tusen meters høgd, til liks med alle dei andre vulkanane i Chaîne des Puys (Puysfjellkjeda). Denne rekkja av vulkanar, som inneheld mange sinderskjegler, lavadomar og maarar, ligg merkeleg nok langt borte frå kanten til ei kontinentalplate.

Historie endre

I det før-kristne Europa var Puy-de-Dôme ein samlingsplass for spirituelle seremoniar. Det vart bygd fleire tempel på toppen, inkludert eit gallo-romersk tempel for guden Merkur. Ruinane av dette vart oppdaga i 1873.

 
Merkur-tempel

I 1648 viste Florin Périer, etter Blaise Pascal sitt ynskje, Evangelista Torricelli sin teori om at barometriske observasjonar vart skapt av vekta til lufta ved å måle høgda på ei kvikksølvsøyle ved tre forskjellige høgdenivå på Puy de Dôme.

I 1875 vart det bygd eit fysikklaboratorium på toppen. Sidan 1956 har det òg stått ei TDF-antenne (Télédiffusion de France) her.

I nyare tid har Puy de Dôme stundom vore målgang for etappar i Tour de France. Det var her Raymond Poulidor kjempa med Jacques Anquetil i 1964. Det var òg på denne toppen Eddy Merckx fekk eit slag i magen frå ein tilskodar i 1975.

Turisme endre

 
Turistsenter

Puy de Dôme er eit av dei mest vitja områda i Auvergne, og har nesten 500 000 turistar årleg. Området er eit senter for paragliding. Toppen gjev eit flott utsyn over Chaîne des Puys og Clermont-Ferrand. Det ligg ein restaurant og butikkar på toppen i tillegg til eit turistsenter med informasjon om historie og geologi i området.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Puy de Dôme