Pyramidar kallar ein fleire byggverk som har vore bygd av fleire folk opp gjennom historia. Dei har hatt form som høye byggverk som smalnar mot toppen, liknande ein pyramide innan geometri.

Pyramidane i Giza

Best kjend er pyramidane frå Egypt i oldtida, pyramidane i Egypt, som var forma som pyramidar i full forstand. Dei var gravstad for fleire av faraoane. Dei hadde òg tempel i nærleiken, der det vart skipa til fleire seremoniar.

Ein omtalar òg andre byggverk som pyramidar. Best kjend er kanskje forskjellige byggverk som vart bygd av fleire folkeslag i Amerika i prekolumbiske sivilisasjonar. Desse hadde ikkje form som fullstendige pyramidar, men som høge byggverk med skrånande sider. Dei vart nytta til religiøse seremoniar, som til dømes menneskeofring.

I Mesopotamia, på Kanariøyane og Maldivene har det vore liknande byggverk.

Galleri endre