Pyroklastisk straum

Pyroklastisk straum (av gresk pyro- og «isundbroten»), òg kalla nuée ardente, er ein tettleiksstraum av pyroklastisk materiale, ei blanding av ofte særs varme gassar og partiklar som vert utstøytt ved visse typar vulkanutbrot. Straumen flyttar seg særs raskt nedover i terrenget og er derfor særs farleg for omgivnadane. Pyroklastiske bergartar vert avsett der straumen stoppar opp. I permtida vart det danna slike i Oslofeltet, t.d. lathusporfyren ovanom Sørkedalen.

Pyroklastisk straum renn ned frå sida på MayonvulkanenFilippinene i 1984.

Eit kjent døme er frå vulkanen Montagne PeléeMartinique, som under utbrotet i 1902 øydela byen Saint-Pierre og tok livet av 30 000 innbyggjarar i byen.

Kjelder endre

  • Pyroklastisk strøm. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013.
  • Bryhni, Inge. Nuée ardente. (24. februar 2012). I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013.