Qingming (kinesisk 清明, qīngmíng, 'klar og lys') er ei tradisjonell kinesisk høgtid som finn stad om våren, 104 dagar etter vintersolkverv, vanlegvis 15 dagar etter vårjamdøgn. I den vestlege kalenderen vil dette seia 4., 5. eller ein sjeldan gong den 6. april. Dagen er offentleg fridag i Taiwan, Hongkong og Macao og sidan 2008 også Folkerepublikken Kina, der feiringa tidlegare offisielt var sett på som overtru.

Qingming-illustrasjon av ein familie som brenn papirgåver til forfedrene frå The Joy of Chinese Cooking (ca. 1950).

Festen er nært knytt til kinesisk forfedredyrking. Denne dagen steller ein gravene deira og ofrar mat, blomar og ting som passer til dei enkelte forfedrane. Ein brenn også røykjelsespinnar og daudingepengar.

Qingming er også ei vårhøgtid som ligg midt i pløye- og såtida. Det blir utført ulike ritual for vekst og lukke og mot ulukke. Ein tradisjonell rett hjå zhuangfolket, femfarga ris, står for grøderikdom i året som kjem. Eit anna ritual er eggkakking, der ein slår kokte egg mot kvarandre og deretter et dei medan ein ber for lukke. Qingming kan feirast samstundes som kaldmathøgtida, ei tid då mange kinesarar berre et kald mat.

Drakeflyging er populært både om dagen og om kvelden, då ein festar lys til drakane. Å «sleppa draken fri» medan han er i lufta gjennom å skjera av snora hans er kjend frå Qing-dynastiet, og skulle bringa lukke og verna mot sjukdom.

Politikk endre

Å minnast døde kan vera eit politisk verkemiddel i Kina, og fleire viktig hendingar har funne stad under qingminghøgtida. Tiananmnen-hendinga i 1975 fann stad på qingming etter at statsminister Zhou Enlai hadde døydde nokre månader tidlegare. Under qingming la fleire tusen folk blomar og sørgedikt på Himmelfredplassen (Tiān'ānmén Guǎngchǎng). Mange av dikta inneheldt dårleg skjult kritikk mot det dåverande styret i Kina, Jiang Qing og «Firarbanden». Då folkemengden nekta å forlata plassen om kvelden, blei han brutalt rydda av politiet. Demonstrantane blei omtalt som kontrarevolusjonære. Fungerande statsminister Deng Xiaoping blei utpeikt som leiar, og blei avsett frå alle verva sine. Seinare vann likevel Deng og hans tilhengjarar makta i Kina.[1]

Qingming kan også nyttast til å markera dødsfalla til politiske symbol som demonstrantane på Himmelfredplassen i 1989, Zhao Ziyang og Yang Jia.[2]

Qingming-måleriet endre

Song-målaren Zhang Zeduan laga eit vidkjend måleri, Qīngmīng Shànghé Tú som også er kjend som Qingming-rullen, av menneske i og rundt byen Kaifeng. Bildet blir vanlegvis tolka som å visa ei qingming-feiring

Det opphavlege bildet av Zhang Zeduan (1085-1145).
Ei gjenskaping av bildet frå 1700-talet.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Qingming

Kjelder endre

  1. Richard Curt Kraus, THE TIANANMEN POEMS, tsquare.tv
  2. «More than 2,000 people arrested on Qingming Day», asianews.it

  Denne kulturartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.