Quadrophenia
Studioalbum av The Who
Språk engelsk
Utgjeve 26. oktober 1973[1]
Innspelt Mai til juni 1972
Mai til september 1973 med 16-sporsopptakar
Studio Olympic Studios, London, Ramport Studios i Battersea i London med Ronnie Lane's Mobile Studio
Sjanger
Lengd 81:42
Selskap Track, MCA
Produsent The Who
Leiande produsentar:
Medprodusent:
Glyn Johns (på «Is It in My Head?» og «Love Reign o'er Me»)
The Who-kronologi 
Tommy
(1972)
Quadrophenia Odds & Sods
(1974)


Singlar frå Quadrophenia
  1. «5.15»
    Utgjeve: 5. oktober 1973 (Storbritannia)
  2. «Love, Reign o'er Me»
    Utgjeve: 27. oktober 1973 (USA)
  3. «The Real Me»
    Utgjeve: 12. januar 1974

Quadrophenia er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 19. oktober 1973 på Track og Polydor i Storbritannia og Track og MCA i USA. Quadrophenia er eit dobbeltalbum og den andre rockeoperaen til bandet. Historia omfattar samfunnsmessige, musikalske og psykologiske hendingar sett frå synspunktet til engelske tenåringar i London og Brighton i 1964 og 1965. Quadrophenia er det einaste Who-albumet som berre er komponert av Pete Townshend.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[2]
Christgau's Record GuideA–[3]
Clash10/10[4]
Digital Spy4/5 stars[5]
MusicHound Rock4/5[6]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[7]

Tittelen er ein variant av den feilaktige bruken av schizofreni som ei dissosiativ identitetsforstyrring for å gjenspegle dei fire fråskilde personlegheitene til Jimmy, hovudrolla i operaen som er sagt å representere personlegheita til kvar av medlemmene i The Who.

Gruppa byrja arbeidet på albumet i 1972 og prøvde å følgje opp Tommy og Who's Next, som begge var kritikarroste og selde godt. Innspelinga vart forseinka medan bassisten John Entwistle og songaren Roger Daltrey spelte inn sine soloalbum og trommeslagaren Keith Moon arbeidde med film. Fordi eit nytt studio ikkje var ferdig i tide, måtte gruppa bruke Ronnie Lane's Mobile Studio. Det vert nytta mykje av Townshend sin synthesizer i fleire spor og lydeffektar, i tillegg til fleire lag med blåsarane til Entwistle, i tillegg til den vanlege spelestilen til gruppa, særleg frå Moon. Forholdet mellom gruppa og manageren Kit Lambert braut heilt saman under innspelinga og Lambert slutta som manager innan albumet kom ut.

Quadrophenia fekk positive meldingar i både Storbritannia og USA, men den påfølgjande turneen vart plaga av problem med lydbanda som erstatta dei ekstra instrumenta på albumet, og sceneframføringa av albumet vart skrinlagd tidleg i 1974. Det vart henta fram att i 1996 med eit større ensemble og ein ny turné fann stad i 2012. Albumet hadde ei positiv innverknad på mod revival-rørsla seint i 1970-åra og den påfølgjande filmutgåva, som kom i 1979, vart ein suksess. Albumet har sidan blitt gjeven ut på CD mange gonger, og fleire nymiksar har retta opp feil i originalen.

Historie endre

Quadrophenia vart opphavleg gjeven ut som ein dobbel LP med eit tjukt hefte med tekstar, ei tekstutgåve av historia og bilete som illustrerte historia. MCA Records gav ut plata på dobbel-CD i 1985 med songtekstar og historia i tekstformat, men utan bileta. Den originale CD-utgåva til Polydor, samt dei nymastra utgåvene til MCA og Polydor CD i 1996 inneheldt ei miniatyrutgåve av plateomslaget frå LP-utgåva.

I plateomslaget til den nymastra utgåva av Odds og Sods skriv Townshend at den opphavlege ideen til Quadrophenia først var ein nytingssjuk sjølvbiografi av bandet (som visstnok skulle ha tittelen Rock Is Dead—Long Live Rock!). To av songane på plata er frå 1972 («Is It In My Head?» og «Love Reign O'er Me»), eit år då The Who òg gav ut singlane «Join Together», «Relay» og «Long Live Rock». Då Quadrophenia kom ut var rolla til bandet i historia berre symbolsk via dei fire personlegheitene til Jimmy.

8-sporsband-utgåva av albumet er ei av få 8-sporsband der songane er nøyaktig som på LP-utgåva, utan brot i songane.

Quadrophenia nådde andreplassen i USA og var den høgaste plasseringa dei klarte å oppnå her med eit album.

Bandet såg på turneen som følgde albumet som katastrofalt. Under dei første framføringane virka ikkje lydbanda med lydeffektane. Då lydbanda starta måtte bandet følgje dei, men følte seg hemma av å spele til desse innspelingane.[8]

På den første konserten under den amerikanske delen av turneen, i Cow Palace i San Francisco i California kollapsa trommeslagaren Keith Moon på scenen. Scot Halpin, ein trommeslagar frå publikum, vart ført opp på scenen for å avslutte konserten.

Pete Townshend er i dag særs nøgd med albumet og har sagt at musikken er den beste han har skrive og at han aldri vil klare å lage eit like bra album.[8][9]

Historie endre

  • «I Am the Sea/The Real Me» – Operaen startar med ein introduksjon av dei fire personlegheitane til Jimmy Cooper. Ein får så eit raskt blikk av at han vitjar psykiateren sin, mora si og ein lokal prest.
  • «Quadrophenia/Cut My Hair» – Jimmy ser tilbake på ein krangel med foreldra sine som enda med at han flytte heimanfrå. Ein kan òg høyre ei nyhendesending som nemner opprør i Brighton mellom Mod-miljøet og rockarane, ei hending han var tilstades på veka før.
  • «The Punk and the Godfather»" – Jimmy går til ein rockekonsert (The Who sjølv). Han står i kø, betalar billetten og vel så å gå bak scenen for å møte bandet då dei kjem ut av sceneinngangen. Bandet er frekk med han og han forstår at det i røynda ikkje er noko særskild som skjer i rock and roll, berre enno ein ting i livet hans som har skuffa han.
  • «I'm One» – Jimmy grublar over at det er ikkje er mykje som skjer i livet hans, men at han i det minste har mod-miljøet.
  • «The Dirty Jobs» – Jimmy er passe desillusjonert med den tidlegare «religionen» sin og får seg jobb som søppelkøyrar. Arbeidskollegaene hans liker ikkje det ekstrem venstreorienterte synet hans og han vert tvungen ut av jobben.
  • «Helpless Dancer/Is It in My Head?» – Vi får eit innsyn i kor aggresjonen til Jimmy kjem frå når han endrar personlegheit (til den Tøffe). Jimmy har eit samvit som går ganske djupt. Han er frustrert på verda og dette gjer han meir sint enn han alt er. Vi får òg sjå at han tviler på seg sjølv og føler at utsiktene hans er dekte av pessimisme.
  • «I've Had Enough» – Jimmy bryt til slutt saman når han ser ei jente han liker med ein av venene sine. I ein særs sjølvøydeleggjande tilstanden knuser han scooteren sin og reiser til Brighton, der han hadde det så kjekt veka før då han og venene jaga rockarane.
  • «5:15» – Songen omhandlar togreisa til Jimmy ned til Brighton, der han sit mellom to herrar og et amfetamin for å få tida til å gå. Han går gjennom opp- og nedturane medan han tenker over dei festlege sidene med livet som tenåring.
  • «Sea and Sand/Drowned» – Jimmy kjem til Brighton og vert i betre humør. Han snakkar om uroa heime og er litt sarkastisk når han fortel om ein kveld på stranda med den tidlegare kjærasten sin. Mod-miljøet er alt i ferd med å falle saman, og alt han kan gjere medan han er i byen er å hugse tilbake på tida då mods-ungdomen kom til Brighton. Det var berre tre veker sidan, men han lever alt i fortida. Det er her Jimmy vurderer å ta livet sitt ved å drukning.
  • «Bell Boy» – Han møter ein tidlegare Ace Face som no jobbar som pikkolo ved det same hotellet som mods-ungdomen øydela. Han ser på Jimmy med ei blanding av medkjensle og forakt. Dei to kranglar sidan Jimmy meiner Ace Face har selt seg sjølv. Jimmy føler at alt, til og med mods-rørsla, har lete han i stikken.
  • «Doctor Jimmy» – Jimmy prøver å øydeleggje seg sjølv med dop og alkohol, og vert til slutt så desperat at han tar eit nærare syn på seg sjølv. Denne delen av historia syner galskapen i han. Refrenget «Doctor Jimmy and Mr. Jim» er ein referanse til «Doctor Jekyll and Mr. Hyde».
  • «The Rock/Love, Reign O'er Me» – Jimmy stel ein båt og køyrer til eit skjer i sjøen. Her vert han edru, men oppdagar at båten har drive bort og at han no er stranda, aleine og gløymd. Ein storm rasar rundt han og Jimmy vert til slutt andeleg opplyst.

Musikalsk struktur endre

Townshend fortalte i 2009 at i staden for å la personlegheitene til Jimmy representerte eit Who-medlem, så let han kvart medlem få illustrere dei fire personlegheitane hans.[8]

I tillegg til å skildre personlegheiter/bandmedlemmer, har kvar av dei fire skildringane fire musikalske tema som syner personlegheitane til Jimmy i operaen: «Helpless Dancer», «Is It Me?», «Bell Boy» og «Love Reign O'er Me». Dei fire temaa er blanda saman i både tittelsporet (som ei bru mellom «The Real Me» og «Cut My Hair») og den nest siste songen, «The Rock» (mellom «Doctor Jimmy» og «Love, Reign O'er Me»). Dei to stykka er dei mest musikalsk komplekse som Townshend nokon gong skreiv for The Who, der han kombinerte alle dei fire temaa til to seks minuttar lange potpurri. Dei to stykka har ikkje ein klår start eller slutt, sidan dei vert tona inn frå dei føregåande songane og glir inn i det neste. Stykket startar med temaet frå «Bell Boy» (temaet til Moon), etterfølgd av temaene frå «Is It Me» (temat til Entwistle), «Helpless Dancer» (temaet til Daltrey) og «Love, Reign O'er Me» (temaet til Townshend). «Quadrophenia» tonar ut i lyden av regn etter temaet til «Love Reign O'er Me». «The Rock» endar med ein kombinasjon av dei fire temaa, med «Bell Boy»-temaet som akkordsekvens, «Helpless Dancer»-temaet som melodien, «Is It Me?»-temaet som solo (på gitar og synthesizer) og keyboard-delen frå «Love Reign O'er Me» som motmelodi. Heile songen endar brått til lyden av torevêr og glir over i sjølve «Love Reign O'er Me».

Dei fire temaa dukka òg opp i fleire andre songar gjennom albumet, mellom anna i «Bell Boy» der temaet frå «Helpless Dancer» dukka opp på syntehsizer i eit kort mellomspel. Somme tema frå andre songar dukkar òg opp her og der.

Mottaking endre

Kritikarane var positive til Quadrophenia. Chris Welch i Melody Maker skreiv «sjeldan har ei gruppe klart å destillere essensen sin og omfamne eit motiv på så overtydande vis», medan Charles Shaar Murray skildra albumet i New Musical Express som «den mest givande musikalske opplevinga dette året».[10] Reaksjonane i USA var generelt positive, men Dave Marsh var meir kritisk i Creem.[10] Lenny Kaye skreiv i Rolling Stone at «The Who som heilskap har aldri vore betre» men la til, «men på eiga hand strekk ikkje Quadrophenia heilt til».[11] I årslista for Newsday rangerte Robert Christgau albumet på sjuandeplassen for 1973.[12]

Seinare meldingar har òg vore positive. Christgau skreiv i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) at Quadrophenia var meir ein opera enn Tommy, og hadde eit glimrande skrive, men noko forvirrande plott, disharmonisk, men melodisk musikk og medlidande tekstar om «Einkvar tenåring som heroisk 'fuckup', smart nok til å ha ein god ide om kva som vert gjort til han og så sensitiv at han vert pressa utfor kanten likevel».[3] Chris Jones skreiv for BBC Music at «alt det som er bra med The Who finst her.»[13] I 2013 skreiv Billboard om albumet i høve 40-årsjubileet og sa «Quadrophenia er fyllt med framføringar full av liv og djupne og personlegdom og er 90 minuttar med The Who på sitt beste.»[14] Albumet har seld over ein million eksemplar og har fått platinaplate i USA.[15] I 2000 plasserte musikkmagasinet Q Quadrophenia på 56. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.[16] I 2001 var albumet på 86. plassen på VH1 si liste over dei beste albuma gjennom tidene.

Albumet vart plassert på 267. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[17] IGN plasserte Quadrophenia på førsteplassen på deira liste over dei største classic rock-albuma gjennom tidene.[18]

Townshend reknar no Quadrophenia som det siste store albumet The Who spelte inn. I 2011 sa han at gruppa «aldri klarte å spele inn noko som var så ambisiøst eller dristig igjen», og hylla særleg spelinga til Moon.[19]

Andre format endre

I 1979 kom filmen Quadrophenia med tre ekstra songar av Pete Townshend. Filmen var ei visuell tolking av Townshend sin visjon om Jimmy og dei rundt han. Filmen hadde mellom anna Sting i rolla som Ace Face. I filmen er musikken stort sett spelt i bakgrunnen og vart ikkje framført av skodespelarane som i ein rockeopera.

Sommaren 1996 spelte The Who heile Quadrophenia for første gong på mange år i Hyde Park i London med Zak Starkey på trommer (første gong som trommeslagar i The Who), Geoff Whitehorn og Simon Townshend på elektrisk gitar og Jon Carin og John «Rabbit» Bundrick på tangentinstrument. I tillegg hadde bandet med seg gjesteartistane Phil Daniels som fortejlaren/Jimmy, Gary Glitter som The Rocker, Adrian Edmonson som Ace Face/Bellboy, Stephen Fry som hotellmanageren (som skrik «Bellboy!»), Trevor McDonald som nyhendelesare og David Gilmour frå Pink Floyd som bussjåføren på songen «The Dirty Jobs». Gilmour spelte òg sologitar på «Sea and Sand», «Dr. Jimmy», «The Rock», «Love, Reign O'er Me»og «5:15 (Reprise)». Ein britisk og amerikansk turne følgde etter denne konserten der Daniels vart erstatta og Simon Townshend tok over Gilmour si rolle. Gary Glitter og P.J. Proby var med som gjestar på enkelte songar som The Godfather og Billy Idol gjesta òg som Ace Face/Bellboy.

I 2005 vart det gjeve ut ei konsertframføring av Quadrophenia frå 1996/1997-turneen. Her fanst òg ei konsertutgåve av Tommy frå 1989, samt andre songar som vart framførte på konsertar. Pete Townshend og Roger Daltrey hadde kommentarar på fleire spor og det var òg eit intervju med Billy Idol.

Heile albumet vart framført av Phish den 31. oktober 1995. Dette vart seinare gjeve ut som Live Phish Volume 14.

I november 2005 sette Luna C Productions opp ei teaterutgåve av Quadrophenia i Los Angeles. I ettertid er fleire teatertutgåver av plata sett opp.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Pete Townshend.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«I Am the Sea»Roger Daltrey2:09
2.«The Real Me»Daltrey3:21
3.«Quadrophenia»(instrumental)6:14
4.«Cut My Hair»Pete Townshend and Daltrey3:45
5.«The Punk and the Godfather» (Kalla «The Punk Meets the Godfather» på amerikanske versjonar)Daltrey og Townshend5:11
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«I'm One» (At least)Townshend2:38
2.«The Dirty Jobs»Daltrey4:30
3.«Helpless Dancer» (Roger's theme)Daltrey2:34
4.«Is It in My Head?» (inneheld introen til «The Kids Are Alright» frå My Generation)Daltrey og John Entwistle3:44
5.«I've Had Enough»Daltrey og Townshend6:15
Side tre
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«5:15»Daltrey, Townshend (intro og coda)5:01
2.«Sea and Sand»Daltrey og Townshend5:02
3.«Drowned»Daltrey5:28
4.«Bell Boy» (Keith's theme)Daltrey og Keith Moon4:56
Side fire
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Doctor Jimmy» (inneheld «Is It Me?», John's theme)Daltrey8:37
2.«The Rock»(instrumental)6:38
3.«Love, Reign o'er Me» (Pete's theme)Daltrey5:49

Quadrophenia: The Director's Cut endre

CD 3: The Demos
Nr.TittelInnspelingLengd
1.«The Real Me»skriven og spelt inn i oktober 19724:24
2.«Quadrophenia – Four Overtures»i 19736:20
3.«Cut My Hair»skriven i juni 19723:28
4.«Fill No. 1 – Get Out and Stay Out»12. november 19721:22
5.«Quadrophenic – Four Faces»i juli 19724:02
6.«We Close Tonight»i juli 19722:41
7.«You Came Back»i juli 19723:16
8.«Get Inside»skriven i april 19723:09
9.«Joker James»i juli 19723:41
10.«Ambition»skriven tidleg i 19720:00
11.«Punk»18. november 19722:37
12.«I'm One»15. november 19722:37
13.«Dirty Jobs»25. juli 19723:45
14.«Helpless Dancer»i 19732:16
Total lengd:43:38
CD 4: The Demos
Nr.TittelInnspelingLengd
1.«Is It in My Head?»30. april 19724:12
2.«Anymore»oppført som spelt inn 10. november 1971, men truleg feil. Skal truleg vere 19723:19
3.«I've Had Enough»skriven og spelt inn 17. desember 19726:21
4.«Fill No. 2»12. november 19721:30
5.«Wizardry»i august 19723:10
6.«Sea and Sand»skriven og spelt inn 1. november 19724:13
7.«Drowned»i mars 19704:14
8.«Is It Me?»20. mars 19734:37
9.«Bell Boy»3. mars 19735:03
10.«Doctor Jimmy»27. juli 19727:28
11.«Finale – The Rock»mellom 25. mars og 1. mai 19737:57
12.«Love Reign O'er Me»10. mai 19725:10
Total lengd:57:14

Medverkande endre

The Who
Andre

Produksjon

Salslister endre

Album
År Liste Plassering
1973 US Billboard Pop Albums[21] 2
1973 UK Albums Chart 2[22]
Singlar[23]
År Singel Liste Plassering
1973 «Love, Reign O'er Me» Billboard Pop Singles 76[24]
1973 «5.15» UK Singles Chart 20[24]
1974 «The Real Me» Billboard Pop Singles 92[24]
1979 «5.15» Billboard Pop Singles 45[24]

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[25] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[26] Gull 100 000*
Storbritannia (BPI)[27] Gull 100 000^
USA (RIAA)[28] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Unterberger 2011, s. 232.
  2. Richie Unterberger. «Quadrophenia – The Who | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 30. september 2019. 
  3. 3,0 3,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: W». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 30. september 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. «The Who – Quadrophenia: The Director's Cut | Reviews | Clash Magazine». Clashmusic.com. 19. mars 2014. Henta 30. september 2019. 
  5. «The Who: 'Quadrophenia' (Deluxe Edition) – Album review – Music Review». Digital Spy. Henta 30. september 2019. 
  6. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, Michigan: Visible Ink Press. s. 1227. ISBN 1-57859-061-2. 
  7. «The Who: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. februar 2011. Henta 30. september 2019. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Jackson, James (20. april 2009). «Pete Townshend on Quadrophenia, touring with The Who og the Mod revival». The Times. Henta 4. juli 2009. 
  9. The Who: VH1 Mexico Interview Part 1 - VH1 Television-intervju - YouTube
  10. 10,0 10,1 Atkins 2000, s. 209.
  11. Kaye, Lenny (20. desember 1973). «The Who Quadrophenia Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. februar 2015. Henta 30. september 2019. 
  12. Christgau, Robert (13. januar 1974). «Returning With a Painful Top 30 List». Newsday. Henta 30. september 2019. 
  13. Jones, Chris (2008). «Review of The Who – Quadrophenia». BBC Music. Henta 30. september 2019. 
  14. Rose, Caryn (19. oktober 2013). «The Who's Quadrophenia At 40: Classic Track-By-Track Review». Billboard. Henta 30. september 2019. 
  15. Heritage Music & Entertainment Auction #7006. Heritage Auctions (Heritage Capital Corporation). s. 155. ISBN 978-1-59967-369-1. 
  16. Clements, Ashley (29. januar 2013). «Everything you need to know about The Who's Quadrophenia». GigWise. Henta 30. september 2019. 
  17. «The Who, 'Quadrophenia' – 500 Greatest Albums of All Time». Arkivert frå originalen 19. februar 2015. Henta 10. februar 2015. 
  18. D., Spence (30. mars 2007). «Top 25 Classic Rock albums». IGN.com. s. 8. Arkivert frå originalen 11. februar 2009. Henta 4. juli 2009. 
  19. Graff, Gary (11. november 2011). «Pete Townshend on 'Quadrophenia,' The Who's 'Last Great Album'». Billboard. Henta 30. september 2019. 
  20. Quadrophenia (CD reissue). Polydor. 1996. 531 971-2. 
  21. «Artist Chart History – The Who». Allmusic. Henta 21. september 2019. 
  22. «The Who Official Band Website». Arkivert frå originalen 14. mars 2010. Henta 12. juli 2010. 
  23. «Quadrophenia – The Who | Awards». AllMusic. Henta 19. mai 2014. 
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 Neill & Kent 2002, s. 446.
  25. «Canadian album salstrofé – The Who». Music Canada. 
  26. «French album salstrofé – The Who» (på fransk). InfoDisc.  Select THE WHO and click OK
  27. «British album salstrofé – The Who – Quadrophenia». British Phonographic Industry.  Enter Quadrophenia in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  28. «American album salstrofé – The Who – Quadrophenia». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH