Questions 67 and 68

Questions 67 and 68
Singel av Chicago
frå albumet The Chicago Transit Authority
B-side

«Listen» (Original), «I'm A Man» (nyutgjeving)

Språk engelsk
Utgjeve Juli 1969,
September 1971
Innspelt 27.-30. januar 1969
Sjanger Jazzfusion
Lengd 5:03 (original)
3:26 (1971-utgåva)
Selskap Columbia
Komponist Robert Lamm
Tekstforfattar Robert Lamm
Låtskrivar(ar) Robert Lamm
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi 
Questions 67 and 68 «Beginnings»
(1969)
Chicago-kronologi
«Beginnings»
(1971)
Questions 67 and 68 «Saturday in the Park»
(1972)


«Questions 67 and 68» er ein song skriven av Robert Lamm for rockebandet Chicago (då kalla The Chicago Transit Authority) og spelt inn for debutalbumet The Chicago Transit Authority.

Bakgrunn endre

Singelen vart gjeven ut i juli 1969 og nådde då 71. plassen på Billboard Hot 100. Etter at bandet fekk suksess med seinare singlar, vart «Questions 67 and 68» redigert til ei meir radiovennleg lengd og gjeve ut på ny i september 1971 med «I'm A Man» som B-side. Den redigerte singelen klatra til 24. plassen på den amerikanske singellista.[1]

Cetera og Lamm spelte inn ein japansk-språkleg versjon av songen i 1971, og denne vart gjeven ut på singel i Japan. Columbia Records gav ut songen som ein radiopromo med den engelske versjonen på den andre sida.[2] Denne innspelinga vart òg gjeve ut digitalt i 1998 på den japanske samleplata The Heart Of Chicago 1967-1971 Volume II Special Edition (grønt omslag), og inneheld òg «Lowdown» sungen på japansk. Gruppa spelte songen på konsertar med japansk tekst på ein turné i Japan i 1972. Dette kan ein høyre på Live In Japan og igjen i 1995.[3]

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Panic! at the Disco samplar denne songen på «Hallelujah».

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre