Quipu (uttalt ['kipu]) er kjent som eit utstyr og lagringsmedium som vart nytta til å lagre informasjon i Inkariket og i tidlegare samfunn i regionen. Ordet er ei spansk ortografisk omforming av khipuquechua som tyder knute. Quipu er òg eit synonym for knuteskrift på norsk språk.

Teikning av eit quipu

Lagringsmediet quipu er i prinsippet eit tau kor det er knytt på snorer av ulike farger. Kvar snor kan ha ein eller fleire knutar, og kvar snor kan ha knytt på nye snorer. Informasjonen vart koda med kombinasjonar av knutetypar, farger på snorene, avstand mellom trådar, avstand mellom knutar, og relativ plassering av dei nemnde element. Quipuet med snorer og knutar inneheld då chiffer som må tydast for å skjøne informasjonen. I inkariket var det å kode og avkode quipu eit eige yrke, personane i yrket var utdanna «quipucamayocs». Ein veit at quipu var eit nyttig reiskap for styresmakta i bokhald av numerisk informasjon for manntal, skattar, varelager, eigedom og anna. Men det finst ikkje prov for at quipu vart bruka for å lagre tekstleg informasjon, sjølv om mange spekulerer på det.[1]

I høglandet i Peru finn ein framleis ein primitiv bruk av quipuet. Kunna om quipuet slik det vart nytta i administrasjon av inkariket, om koding og dekoding av det gjekk tapt etter at europearane tok makta i inkariket. Vitskapen leiter framleis etter ein nøkkel, ein søramerikansk «rosettastein», som kan hjelpe til å forstå quipuet fullt ut.

Ei melding på mange nyhendebyrå i juli 2005, til dømes hos Australian Broadcasting Corporation,[2] sa at Ruth Shady hadde funne eit quipu i Caral , noko som kan indikere at quipu var i bruk fleire tusen år før inkatida.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre